Home
Faculty of Humanities
studentliv

Lærer om verda gjennom religionsvitskap

Osk valde å studere religionsvitskap for å finne ut meir om religionane som pregar kvardagen vår.

Main content

Det å studere religion gir meg ei betre forståing av verda og menneska.

Kvifor valde du å studere religionsvitskap? 

Eg var usikker på kva eg skulle studere, men visste at eg ville vere i Bergen, og eg visste at eg ønska å ta ei universitetsutdanning. Så eg gjekk inn på Universitetet i Bergen si oversikt over studium og plukka ut dei som verka interessante.

Grunnen til at eg valde religionsvitskap var at eg ville finne ut meir om religionane som pregar kvardagen vår. Ein seier så mangt og meget om religion, så eg ville utforske det meir.

Kva lærer de på studiet?  

Det er mykje forskjellig. Eg er forsatt på bachelornivå, så det er mykje innføringsfag der vi lærer ein del om ulike religionar, viktige element ved religionane, og deira historie. Men vi lærer òg om forskjellige teoriar, og korleis ein analyserer religion. Generelt sett lærer vi om historie, sosiologi og menneske, med utgangspunkt i religion.

Kva er det viktigaste du har lært så langt i studia?

At det ikkje hjelper å studere religion om du ikkje går ut og møter religion! Dermed er ekskursjonar og generelle besøk der du møter menneske og religion viktig. Til og med antikke religionar er det lurt å møte. Det kan ein til dømes gjere på museumsnettsider med 3D-modellar. Ein anna kanskje ukonvensjonell måte er spelet Assassin’s Creed Odyssey, der ein kan gå og besøke tempel med små guidar, dette er ei flott mogelegheit sjølv om templa ikkje er superdetaljerte! Det er enklare å lære og hugse ting om religion dersom du kan konseptualisere det.

Kvifor er kunnskap om religionar viktig?

Nei du, det er eit godt spørsmål som det finns mange svar på. Men, ein av grunnane er fordi religion vert brukt og oppfatta som viktig for mange menneske. Det kan vere ei stor drivkraft for folk, og er ein del av vårt verdsbilete anten vi vil eller ikkje. Dermed tykkjer eg at kunnskap om religionar er viktig for å hjelpe oss å med å forstå handlingar og religion i samspel med andre motivasjonar, som ønskje om å gjere verda til ein betre stad, eller ting som pengar og makt. 

Kva likar du best med studiet ditt? 

Å lære? Sjølv om religion berre er ein puslebit av folks drivkraft og bakgrunn for handlingar, så gir det å studere religion meg ei betre forståing av verda og menneska. Så sjølv om det kan vere litt ork å lese mykje heile tida, så sett eg pris på kunnskapen eg får.

Er det noko du ikkje likar med å vere student? 

Studiestøtta er låg, og det kjenner ein spesielt mykje på no som «alt» er dyrt. Det gjer at økonomi og pengar alltid ligg der i bakgrunnen.

Det er òg ein del arbeid å studere. Dette er jo ein jobb som staten «betalar» oss for, men det kan vere litt demotiverande nokre gongar.

Korleis er studentmiljøet på religionsvitenskap? 

Det er litt mindre aktivitet enn vanleg no grunna koronaåra, men, blant anna, så heldt fagutvalet for religionsvitskap på å skape ein fagleg-sosial arena slik at ein vert kjend med kvarandre og kan skape eit fint miljø saman.

Har du planar om å reise på utveksling i løpet av bachelorstudiet?

Det har eg! Eg har søkt på å kunne reise på utveksling hausten 2023, og då reiser eg i mitt femte semester. Mitt første val er Universitetet i Gröningen, dei har eit godt religionsmiljø, så vi får sjå korleis det går.

Korleis ser ei typisk veke ut for deg? 

Ei typisk veke består av 2-4 førelesingar og seminar per veke, og ein del sjølvstudium. Eg prøvar å oppretthalde ei rutine i vekedagane frå 8-9-tida til klokka fem, men eg endrar på dette etter behov. Om eg treng så les eg i helga òg, men prøver å halde slikt arbeid unna helga slik at eg får slappa av. Det er ikkje praktisk med ein burnout på bachelornivå.

Er du involvert i studentaktiviterer ved sidan av studiet? 

Eg er med i fagutvalet for religionsvitskap! Fagutvalet er ansvarleg for fagleg-sosiale arrangement for studentar som studerer religionsvitskap eller tar religionsemne. Då arrangerer me ekskursjonar, filmkveldar, kaffihenging og slikt.

I tillegg til dette fungerer vi som studentane sitt talerøyr overfor UiB og fagmiljøet, så vi sitt i nokre møter og utval. Eg valde å halde på med dette fordi eg likar det rett og slett. Dette verka òg som eit naturleg val for å verte betre kjend med universitetet og dei prosessane som foregår der.

Kva ser du for deg at du har lyst til å jobbe med i framtida? 

Godt spørsmål! Ideelt sett hadde det vore fint å kunne arbeide med noko innan akademia, men det er òg eit smalt nålauge å kome seg igjennom. Generelt så har eg tenkt å sjå kvar studiet fører meg og ta det litt som det kjem.

Er det noko spesielt du vil seie til dei som vurderer å studere religionsvitskap? 

Vel noko du likar, og om det verker interessant, prøv det ut! Det er lurt å tenke godt igjennom kva ein liker, kva ein tykkjer er interessant, og kva ein absolutt ikkje likar. Ein skal tross alt halde på med dette i minst tre år. Uansett er det verste som kan skje er at du finn ut at du ikkje likar studiet ditt. Det er ikkje verdas ende, då melder ein berre overgang til andre studiar eller finn på noko nytt :)

Til slutt: ver med på fagutvala sine arrangement!