UTVAL | ADOPSJON
Camilla Bernt skal leie granskingsutval
Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal granske utanlandsadopsjonar. Professor Camilla Bernt frå Universitetet i Bergen skal leie arbeidet.
Professor Camilla Bernt skal leie utval som skal granske om det har vore ulovlege eller uetiske forhold knytta til utanlandsadopsjonar.
Main content
Published: 21.06.2023
Regjeringa, med barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) i spissen, har oppnemnt eit utval som skal granske utanlandsadopsjonar. Professor Camilla Bernt frå Universitetet i Bergen skal leie arbeidet.
Utgangspunktet for granskinga er opplysningar som har kome fram i andre land og opplysningar i media om svært alvorlege forhold i utanlandsadopsjonar frå enkeltland til Norge. Det overordna føremålet er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske forhold i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg.
- Les heile mandatet til utvalet her.