Slik er programmet for velkomstveka ved HF
11. til 15. august brakar det laus igjen når ei ny velkomstveke skal sørge for at nye studentar ved HF blir tekne i mot på ein god måte.
Main content
Velkomstveka på HF går føre seg 11. til 15. august, og som vanleg startar veka med velkomst både på dei ulike institutta og ein felles velkomstseremoni på Muséplass for alle studentar ved UiB.
Ein del av aktivitetane i velkomstprogrammet skjer i mentorgruppene som studentane er oppmoda om å melde seg på. Der treff dei andre studentar som skal begynne på det same studieprogrammet. Kvar mentorgruppe blir leda av ein erfaren student som er tilsett for å hjelpe nye studentar med å få ein god start på studiet.
Også i år vil studentane få delt ut ei gratis bok i samanheng med leseprosjektet Humanistar les. Boka blir utgangspunkt for lesekafear der studentar kan treffast og lese bok saman på studentpuben Ad Fontes. Det blir også bokbad og forfattartreff. Men kva som blir den utvalde boka som ein skal lese i år, er framleis ein hemmelegheit.
Velkomstveka blir avslutta med mat og leikar i Borggården på Sydsneshaugen skule. Arrangementet i fjor var det fyrste i sitt slag, og vart ein stor suksess.
I tillegg til fakultetet si velkomstveke, kjem programmet i Fadderveka som Humanistisk studentutval står for.
