Hjartøyna i Øygarden: 11 000 år i havgapet – ver og overskotsfiske i jarnalder og tidleg mellomalder
Velkommen til foredrag om Hjartøyna si histore og betyding gjennom 11000 år. Seksjonssjef ved Fornimeseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen, Morten Ramstad, fortel om betydinga av havet og teknologisk utvikling - med særleg fokus på vinterfiske i jarnalder og mellomalder.
Main content
Ytst i havgapet nord i Øygarden ligg Hjartøyna, ei lita øy på berre 0,8 km². Ho er utan fast busetnad, men ber på eit landskap fullt av spor etter menneskeleg aktivitet. Sidan 2019 har forskingsprosjektet Hjartøyna gjennom 11 000 år kombinert undervisning for masterstudentar i arkeologi med systematiske undersøkingar. Målet er å følgje kulturhistoria frå dei første buplassane i steinalderen til dagens plast og rek som driv i land.
Undersøkingane viser at Hjartøyna speglar dei lange linjene i Øygarden si historie: maritim meistring, ressursutnytting og teknologisk utvikling. I føredraget vil eg særleg løfte fram dei mange strandtuftene, små bygningar i samband med vinterfiske og fangst i jarnalder og tidleg mellomalder.
Strandtuftene fortel om eit samfunn i endring: Frå hushaldsbasert fangst til organisert overskotsproduksjon, handel og nettverk som strekte seg langt utover kysten av Vestlandet. Her finn vi spor etter ressurskontroll, maktkonsentrasjon og dei sosiale spenningane som følgde med overgangen frå høvdingedøme og småkongar til rikssamling og det seinare samanbrotet av eldre samfunnsstrukturar.
I dag står denne kulturhistoria overfor ei ny utfordring: klimaendringane trugar med å vaske vekk tusenårs gamle spor. Hjartøyna-prosjektet viser korleis arkeologi kan kaste lys over både fortidige tilpassingar og dagens bærekraftsutfordringar – frå korleis tidlegare samfunn handterte miljøendringar til korleis vi kan sikre kulturarven for framtida.
