Under Jorden. Vandring i mellomalderutstillinga på Bryggens Museum
I samarbeid med Bymuseet i Bergen: Bli med på ei spesialomvising i utstillinga "Under Jorden". Utstillinga på Bryggens Museum viser gjenstandar frå mellomalderbyen Bergen, henta frå Universitetsmuseet i Bergen.
Main content
Utstillinga "Under Jorden" gir deg ei oppleving av livet i mellomalderens Bergen. Utstillinga rommer Universitetsmuseet sitt arkeologiske materiale frå Bergens og Vestlandets mellomalder, der både det rike funnmaterialet frå Brygge-gravingane på 1950- og 60-tallet og seinere år sine byarkeologiske undersøkingar er sentrale.
Alle funna blir presentert som skattar i utstillinga: Keramikkskår frå alle verdenshjørne. Spelbrikker og fiskekrokar. Gullringar. Sko og solar i hopetal. Eit mektig sverd. Kjærlekserklæringar, bøner og forretningsbrev rissa inn med runer på trepinnar. Ein liten leikehest funnen i ein bosshaug.
Bryggens Museum, gratis inngang
