Home
Department of Government

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Bli seminarleiar våren 2025!

Institutt for politikk og forvaltning søker seminarleiarar til emne på 100-nivå, våren 2026.

Main content

Våren 2026 skal vi undervise i emna Organisasjonsteori og Norsk politikk. For meir informasjon om emna, klikk på lenka under:

GOV112 – Organisasjonsteori (undervisast frå ca veke 3-8)

GOV113 – Norsk politikk (undervisast frå ca veke 10- 17)

Vi treng 2-3 seminarleiarar i begge emna. Dei aktuelle emna vert undervist i blokkformat, og difor vil jobben gå over rundt 5-6 veker. Kvart seminar varer i to timar, og det er vanleg å ha 1-3 grupper, altså 2-6 timar med seminarundervisning i veka pluss forberedelse og oppfølging. Emna inkluderer også oppgåveretting.

Per seminargruppe skal det holdes mellom 8-12 seminarmøter. Forberedelse og oppfølging er inkludert i timelønna, der eit seminar á to timar vert lønna som sju timars arbeid. Oppgåveretting vert honorert i tillegg til dette.

Som seminarleiar får du relevant arbeidserfaring, faglege og pedagogiske utfordringar, samt moglegheit til å repetere samfunnsvitenskapeleg grunnproblematikk.

Noverande og innkommande masterstudentar ved Institutt for politikk og forvaltning kan søke. Dersom du er særleg kvalifisert, kan masterkravet frafalle. Send inn søknad per e-post og legg ved CV og karakterutskrift. Skriv i søknaden kva emne(r) du vil vere seminarleiar i, og kor mange grupper du ynskjer å ha ansvar for.

Søknad med dokument eller spørsmål om stillinga sendast til vitskapeleg assistent Oda Persdotter Bolstad per e-post til oda.bolstad@uib.no

Søknadsfrist: 20.november 2025.