Oppstartskonferanse av KODEM!
Måndag 27. oktober arrangerte KODEN ein konferanse der ein løfta dei store spørsmåla kring utfordringar for dei etablerte liberale demokratia i vår tid.
Main content
Korleis står det eignetleg til med det liberale demokratiet i dag? Kva utfordrar det, og kva moglegheiter har vi for å styrke det? Desse spørsmåla sto i sentrum då forskarar, studentar, politikarar og samfunnsaktørar møttes i Bergen den 27.oktober til konferansen "Det liberale demokratiet på prøve", arrangert av forskingsinfrastrukturen KODEM ved Institutt for politikk og forvaltning.
Konferansen markerte oppstarten av KODEM, ein nasjonal satsing som skal gi forskarar ny innsikt i korleis demokrati og tillit fungerer i praksis. Gjennom fire store, nasjonale representative panel - med innbyggjarar, politikarar, tilsette i forvaltninga og mediebedrifter - skal prosjektet bygge ein kunnskapsbase som kan belyse endringar i norsk offentlegheit og styresett over tid.
Men denne dagen handla først og fremst om å løfte blikket. Med internasjonale og nasjonale føredragsholdere på scena, vart storsalen i Nygårdsgaten 5 eit rom for refleksjon og debatt om demokratiets tilstand, både globalt og her heime.
Den amerikanske statsvitaren Diana Mutz opna konferansen med eit engasjerande føredrag om korleis opplevinga av å vere ein "vinnar" eller "tapar" i globaliseringa kan forme folks politiske haldningar. Ho viste korleis synet på internasjonal handel ikkje først og fremst handlar om økonomi, men om identitet, status og opplevinga av rettferdighet.
Seinare tok Don Moynihan, ein av verdas fremste ekspertar på offentleg politikk og forvaltning, publikum med inn i eit anna perspektiv, nemleg kva som skjer når forvaltninga sjølv vert ein politisk kamparena. Med føredraget "Trump`s Assault on the Administrative State", tok han utganspunkt i situasjonen til USA når han beskrivde korleis Trump-administrasjonens politiske inngrep i statsapparatet har sett heile den administrative staten under press. Korleis kan liknande tendensar true grunnleggande demokratiske prinsipp også andre stader?
Mellom Key-note føredraga presenterte forskarar ei rekke prosjekt med data frå KODEM, som belyser demokratiets mange sider: korleis unge veljarar engasjerer seg, korleis innvandringsdebatten påverkar toleranse, korles klima-politikk splittar veljarar og korleis ulikskap mellom sentrum og periferi utfordrar tatens legitimitet.
Eit gjennomgåande tema var korleis samfunnsendringar frå teknologi til geografi skapar nye politiske skiljelinjer og stiller nye krav til både forskinga og demokratiet sjølv.
Dagen vart runda av med ein brei panelsamtale om kunnskap og ekspertise, der Jonas Stein (UiT), Camilla Stoltenberg (NORCE), Margareth Hagen (rektor UiB) og Sveinung Rotevatn (nestleiar i Venstre) delte erfaringar og perspektiv.
Tusen takk til KODEM for eit fantastisk flott arrangement, og til alle som bidrog til gjennomføringa!