Auka søkartal til alle utdanningsprogramma GOV tilbyr!
Årets søkartal til høgare utdanning er endelig klare!
Main content
Søkartala til høgare utdanning peikar oppover, med stadig fleire som søkar seg til høgare utdanning. Årets søkartal viser igjen ei auke i samfunnsvitskapelege fag, og vi ser også denne auka i utdanningsprogramma vi tilbyr på institutt for politikk og forvaltning. Den aukande interessa for samfunnsfag er både gledeleg og viktig. I ein verden prega av uro, omstilling og raske endringar, vert behovet for kunnskap om politikk, styring og internasjonale relasjonar stadig tydelegare. Statsvitskap gir studentane innsikt i korleis slutningar tas, korleis institusjonar fungerer, og korleis samfunn kan utviklast i ein meir berekraftig og rettferdig retning. At så mange no søker seg til våre studieprogram, tolkar vi som eit uttrykk for eit sterkt engasjement for samfunnsspørsmål blant unge.
Vi ser ein særleg oppgang i tal søkarar til masterprogramma vi tilbyr på instituttet. Samla på dei to programma vi tilbyr, er det 287 søkarar som har enten master i Politics and Governance of Global Challenges eller Politikk og Forvaltning som førsteprioritet.
Undervisningsleder Martina Vukasovic seier følgande om auka i søkartal:
«Disse tallene viser at arbeidet vi har gjort som institutt i de siste årene, ikke bare med å kontinuerlig tilby kurs av både høy kvalitet og høy relevans, men også med å fornye alle studieprogrammene våre med nye valgfag og nye pedagogiske strategier, anerkjennes.»
Master i GL GOV
Masterprogrammet Politics and Governance of Global Challenges er framleis eit av dei mest etterspurde masterstudiane, med heile 12,1 førstevalgssøkere per studieplass. Dette er det høgaste talet ved SV-fakultetet, og det tredje høgaste ved UiB. Med over 180 søkere er det tydeleg at mange ynskjer å fordjupe seg i spørsmål som angår politikk, styring og samfunnsutvikling. Det er inspirerande å sjå at så mange engasjerer seg i fag som er avgjerande for å forstå og forme framtida.
Master i Politikk og Forvaltning
Også her ser vi ei auke i tal søkjarar, og vi gler oss til å ta imot alle dei nye studentane til hausten. Vi jobbar kontinuerleg med å betre studietilbodet vi har, for å sikre at noverande og kommande studentar får det beste tilbodet. Frå i fjor ser vi ei auke på 59% i søkarar til dette masterprogrammet, som er med på å understreke viktigheita og relevansen til statsvitskapelege fag.
Bachelor i politikk og forvaltning
Vi ser ein gradvis auke i søkartala på bachelorprogrammet vårt, og det er gledeleg å sjå at dette er blitt ein tydeleg trend. Frå 2023 endra bachelorprogrammet vårt namn frå Administrasjon- og organisasjonsvitskap til Politikk og Forvaltning, etter ein revidering av bachelorprogrammet. Det er kjekt å sjå at så mange ser viktigheita av fagfeltet, og ønsker å studere hjå oss.
Vi er svært glade for at så mange ynskjer å studere hjå oss, og ser fram til å ta imot nye studentar som ynskjer å forstå og påverke verda rundt seg. Sjåast til hausten!