Publiseringstala for 2025 er endelig klare!
Institutt for politikk og forvaltning ser ei auke i tal publiseringar for 2025!
Main content
Tala for 2025-rapporteringa er endelig klare! Det er gledeleg å sjå at instituttet har ei auke i tal publiseringar frå 2024 til 2025. Det Samfunnsvitenskapelege fakultetet ser samla sett ein liten nedgang i tal publikasjonspoeng. Tala viser deirmot at to institutt på fakultetet har ei auke i publikasjonspoeng; institutt for sosialantropologi og institutt for politikk og forvaltning. Det er kjekt å sjå slike tal, og det er med på å vise kor viktig forsking vi driv med på instituttet!
GOV er også nummer to blant alle institutta på fakultetet når det kjem til publikasjonspoeng, kun slått av institutt for informasjons- og medievitenskap.
Bak desse tala ligg ein stor innsats frå fagmiljøa våre, med høg publiseringsaktivitet, sterke samarbeid og eit tydeleg fokus på forsking som gjer ein forskjell. Framgangen vitnar eit institutt i utviklimg, og eit fagmiljø med store ambisjonar! Den positive utviklinga vi ser over dei siste åra, er eit resultat av engasjement og sterke fagmiljø som speler kvarandre gode.
