Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
formidlingsprisen 2011

God og glad formidlar

Det humanistiske fakultetet sin formidlingspris for 2011 er tildelt professor Bente Gullveig Alver ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

Bente Alver
Bente Gullveig Alver vart kåra til beste formidlar ved HF i 2011. Ho har gjennom snart fire tiår vore UiB sin fremste folklorist og kulturforskar. Samstundes har ho vore ein av dei aller fremste formidlarane av god forsking.
Photo:
Elisa Kolle

Main content

Det byrja med ein draum om å bli skodespelar. Som ung drog ho til København for å studere litteratur, men det var teateret som var målet. Ho rakk så langt som til prøvescenen ved Det Kongelige Teater i den danske hovudstaden. Då er det kanskje ikkje rart at Bente Gullveig Alver fleire år seinare blir skildra som ein av dei beste formidlarane ved UiB.

I 38 år har folkloristen og kulturvitaren hatt teneste ved Universitetet i Bergen, først som universitetslektor, sidan som førsteamanuensis og frå 1988 som professor. I heile denne tida har ho i tillegg til å forske og undervise vore ein svært aktiv forskingsformidlar. Gjennom foredrag og førelesingar, radio- og fjernsynsprogram og som konsulent for ei rekkje kultur- og samfunnsaktørar har Bente Alver delt forskinga si om folkelege forestillingar og tenkemåtar med verda utanfor universitetet. Ho har gitt ut bøker om heksetru, magi, folkemedisin og kloke folk. No har ho fått den første formidlingsprisen ved Det humanistiske fakultetet. I nominasjonsbrevet skriv forslagsstillarane at ho har ”en enestående evne til å formidle kompliserte forskningsresultater på en klar og forståelig måte”.

Sjølv meiner Alver at ho har hatt mykje drahjelp i dette arbeidet gjennom det som ligg i sjølve faget og den måten forskinga skjer på.

- I kulturvitskapen arbeider vi med kvardagskultur. Folk kjenner seg godt igjen i dei problemstillingane vi tar opp og er opptatt av dei. Det gir ein fin kommunikasjon mellom oss som forskarar og publikum rundt oss, seier Bente Alver. Ho trur at kulturvitskapen kan vere lettare å formidle enn mange andre tradisjonelle universitetsfag.

- Det vi tenker, dirigerer jo handlingane våre, og når vi prøver å forstå korleis folk tenker, kan vi kanskje betre forstå kvifor dei handlar som dei gjer. Denne prosessen er noko folk kan relatere til seg sjølve, og det gjer formidlinga av faget til ei takknemlig oppgåve.

Bente Alver har gjennom heile sin akademiske karriere sett pris på kontakt med publikum utanfor forskingsverda, og gler seg til å få meir tid til dette når ho går av til hausten.

- Det er noko utfordrande med eit breiare publikum, du veit ikkje kva du møter, du får eit meir nyansert reaksjonsmønster og kanskje heilt nye spørsmål. Folk har alltid vore interesserte i dei fagområda der eg har hatt arbeidet, og i dag er det som vi veit stor interesse for den folkelege religiøsiteten og den folkelege forestillingsverda, som er mellom mine studiefelt. No får eg betre tid og kan seie ja til fleire forespørsler – men ballkortet mitt for hausten er allereie fullt, ler Alver. Men ho understrekar òg at ho kjem til å sakne den daglege kontakten med fagmiljøet sitt og med studentane og stipendiatane.

- Eg veit ikkje heilt korleis eg skal unnvere undervisninga, seier ho ettertenksamt.

Det er langt frå noko fredeleg pensjonisttilvere som ventar henne. I tillegg til foredragsverksemd har ho to store skriveprosjekt på gong.

- Saman med kulturvitaren Tove Fjell og historikaren Teemu Ryymin arbeider eg med ei bok innan helsefeltet. Vi tar utgangspunkt i historiske og kulturelle perspektiv, og dette prosjektet spring ut av eit undervisningssamarbeid vi har hatt i fleire år. Det tverrfaglege samarbeidet i undervisning og forsking vil ofte få fram kompleksiteten i eit sakstilhøve på ein god måte. Og så er arbeidet på tvers av faggrensene så morosamt! Litt nærsynt må eg få lov å meine at kulturvitskapen gir ei god plattform for tverrfagleg samarbeid, og faget står her i ein lang tradisjon. Dei overordna spørsmåla vi arbeider med, har relevans innan mange ulike fagfelt, og det gjer det òg lettare å samarbeide på tvers av fag.

Det andre store prosjektet ho skal i gong med er ei medisinhistorie om den uoffisielle medisinen. Sunnhetslova som kom i 1860 har blitt skildra som helsetenesta si grunnlov. Men i Norden har det ikkje blitt skrive ei samla framstilling av alle dei tilboda som låg på sida av det offentlege helsestellet. Det skal kulturvitaren gi seg i kast med.

Ho er glad og stolt over å ha fått fakultetets formidlingspris. Men Bente Alver meiner det er mange ved HF som hadde fortent det same.

- Vi har så mange dyktige formidlarar ved dette fakultetet, folk som verkeleg brenn for faget sitt og viser stor entusiasme. Har ein tru på det ein gjer og synest bodskapen er viktig, då er det eit godt råmateriale til det å bli ein god og glad formidlar, meiner Bente Alver.

 

Les meir om formidlingsprisen

Les forslagsbrevet der Bente Alver blir nominert