Home
The University Gardens

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Amaryllis

Amaryllis (Hippeastrum × hortorum)

Main content

Amaryllis er en populær juleblomst, som på norsk blir kalt ”Ridderstjerne”. Amaryllis hører til familien Amaryllidaceae.

Det er ei subtropisk løkplante frå fjellområda i sør-Amerika. Den veks og utviklar seg i fuktige periodar og kviler i tørre periodar.

Det er fleire artar innan slekta Hippeastrum.

Løken treng ein kjølig periode på 8-12 veker for å setje blomeknupp. Ein løk kan innehalda inntil 4 blomestilkar, avhengig av løkstorleiken. Blomestilken blir mellom 45 og 50 cm. Ein blomestilk kan bera frå 2-7 liljeforma blomar. Blada er 40-50 cm lange lijeblad. Frøkapselen har tre rom.

Blomane finst i fleire fargar med vakre liljeforma blomeklokker, men mest vanleg er raud, kvit, rosa og med fargekombinasjonar mellom dei.

I byrjinga på 1900- talet kom det i gang kryssing av ulike artar, dette for å auka storleiken på dei vakre blomane, slik blei det mange sortar innan Hippeastrum. Sortane blir inndelt i 3 ulike grupper.

”Red Lion” har mørk raud farge og er mest brukt til jul. Den høyrer til Hortorum gruppen.