Home
Faculty of Medicine
tannpleie

Tannfeen i Odda

Det har blitt meir og meir vanleg at den første du møter på tannklinikken er ein tannpleiar.

Main content

Tannpleiarane er her for å sørgje for at alle har den kunnskapen dei treng for å ta best mogleg vare på tannhelsa si.

- Vi tek røntgen og gjer dei første undersøkingane. Dersom eg finn noko meir behandlingskrevjande som til dømes hol, viser eg pasienten vidare til tannlegen for reperasjon. Det krev tiltru at eg finn hola og problema, og gjev meg ei viktig rolle i tannhelseteamet, seier tannpleiar Christina T. Solberg.  

Variert arbeidsdag

Som tannpleiar på offentleg tannklinikk møter Christina mange ulike pasientgrupper.

- Eg behandlar både barn, vaksne, utviklingshemma, eldre på institusjon og pasientar med heimesjukepleie. Alle dei ulike menneska gjer jobben min svært variert, og ingen dagar er heilt like.

- Som ein del av den offentlege tannhelsetenesta gjer òg mykje folkehelsearbeid. Vi har nokre prosjekt som skal gjennomførast årleg, men det er opp til kvar enkelt kva ein vil gjera ut av det.

Christina har invitert alle 5 og 6-åringane i barnehagane i sitt distrikt til tannklinikken for å snakke om tenner, kost og for å prøve tannlegestolen og noko av undersøkingsutstyret.

- Eg har også undervist på asylmottak og ungdomsskule, og halde stand på folkehelsedag. Ein gong i året er eg er på sjukeheimane for å undersøka bebuarane og veileida personalet. Dette syns eg er ein svært viktig og artig del av jobben min!

Jobbar for tannhelsa di og mi

På tannpleiestudiet i Bergen byrja Christina å øve på dei praktiske ferdigheitene allereie frå første studieår.  

- Den praktiske treninga har gitt meg sjølvtillit og tryggheit til å ta avgjersler og gi rett behandling til kvar pasient, seier Christina.  

Den smilande tannpleiaren i Odda har full hyre med å undersøke tenner og tannkjøtt, ta røntgenbilde, setje bedøving, reinse tannstein, fjerne belegg og misfarge og behandle tannkjøttssjukdomar på sine pasientar. Midlertidige fyllingar og instruksjonar om tannpuss, kost og tobakk må også til.

- Tannpleiarane er her for å sørgje for at alle har den kunnskapen dei treng for å ta best mogleg vare på tannhelsa si, slår Christina fast.