Home
Department of Comparative Politics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Noregs mest fornøgde studentar

Studiebarometeret: Studentar på Sampol mest fornøgde

Endå ein gong gjev studentane på bachelorprogrammet i samanliknande politikk studiet sitt landets beste totalvurdering for statsvitskaplege bachelorprogram.

Studiebarometeret 2015

Main content

Studiebarometeret for 2015 er publisert i dag. Barometeret blir utarbeidd av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), og bygger på individuelle tilbakemeldingar frå studentar frå landets mange høgare utdanningsinstitusjonar.

 

Er samanliknande politikk noko for deg? Les meir om opptakskrav, læringsmål, kva for fag du kan ta, osb. i dei forskjellige studieprogramma våre på studietilbodssida vår!

 

Av fem mulege poeng får bachelorprogrammet i samanliknande politikk ved UiB heile 4,2 poeng. I gruppa statsvitskaplege fag er dette landets beste skår på totalvurdering, om enn berre knappe 0,1 poeng framom den delte andreplassen. Sampol har i lang tid vore i toppen av denne lista.

 

Jamt over gode tilbakemeldingar

Tala er også komne inn for masterprogrammet i samanliknande politikk og for bachelorprogrammet i europastudiar, som er eit tilbod frå Institutt for samanliknande politikk. Trass i at alle dei tre programma opplever litt tilbakegang frå fjoråret er tilbakemeldingane jamt over gode på alle dei tre programma (sjå faktaboksen til høgre).

Søk fram tilbakemeldingsstatistikk sjølv på Studiebarometeret.no.