Forskergruppe for rettsstat og rettsteori
Forskargruppa for rettsstat og rettsteori jobbar med grunnleggjande perspektiv og spørsmål knytt til rett, rettsstat, rettshandsaming og rettsvitskap.
Om forskergruppen
Siktemålet til Forskargruppa for rettsstat er å forske på kvaliteten, effektiviteten og legitimiteten til vernet om individets og samfunnets interesser hos dei som bruker og skapar rett i rettsstaten: Forvaltinga, domstolane og lovgjevarane.
I dag finst det lite forsking på kva kriterier ein legg til grunn når ein skal vurdere og definere kvaliteten, effektiviteten og legitimiteten til dei som brukar og skapar rett i rettsstaten. Forskinga på kva som gjer ein stat til ein rettsstat er avgrensa. Kunnskapsgrunnlaget for å forstå korleis sektoravgrensa opprusting og utvikling påverkar den rettslege maktbalansen i rettsstaten er svakt. Det kan dermed verke enklare å fastslå om ein rettsstat finst eller ikkje, framfor å bidra til å skape, omdanne og styre utviklinga av rettsstaten. Dette er problematisk av årsaker som er nært knytt til kvarandre.
Europa: Rettsstaten er under press
For det første har vi dei siste åra vore vitne til systematisk nedbygging av fleire rettsstatar i Europa. Det er ulvetid for den europeiske rettsstaten no. Både i Ungarn og i Polen er rettsstaten under sterkt press. Verdien av konstitusjonelle garantiar for å sikre domstolanes sjølvstende er blitt viktigare å vurdere enn før. Vår eigen grunnlov har få slike garantiar. Om vi skal sikre vår rettsstat for framtida, må det leggjast til rette for ein kunnskapsbasert konstitusjonell debatt her til lands.
EU ny transnasjonal rettsstat
For det andre har EU og Europarådet vakse fram som ein ny, transnasjonal rettsstat. Historisk sett var rettsstaten sine grenser som oftast samanfallande med nasjonalstatsgrensene. I løpet av siste halvdel av 1900-talet skulle dette endre seg. I tida etter andre verdskrig, og særleg i tida etter rivinga av Berlin-muren i 1989, har rettsstatfunksjonar òg vorte utvikla og handheva gjennom Europarådets menneskerettsregime og EUs rettsregime. Også Noreg har blitt ein del av denne veksande felleseuropeiske rettsstaten. Som følgje av dette er norske forvaltings-, domstols-, og lovgjevingsprosessar i endring, både i karakter og innhald. Den nye, transnasjonale rettsstaten både supplerer og overlappar med den nasjonale rettsstaten. I dag vert det forska på ulike delar av denne utviklinga, mellom anna ut frå eit maktfordelingsperspektiv, men i mindre grad ut frå eit omfattande og heilskapleg rettsstatleg perspektiv.
Noreg som rettsstatseksportør
For det tredje er rettsstatens karakter i endring også utanfor Europa. Sjølv om diskusjonane om rettsstaten går føre seg på ein global arena, er argumentasjonen ofte einvegs. I åra etter 1989 vart Noreg ein rettsstatseksportør. Det vil seie at instansar som politi, domstolar, Justisdepartementet og forvaltingsorgan har sendt ut folk for å drive med rettsstatsopplæring i andre land. Dei har også tatt imot delegasjonar frå andre land som har kome til Noreg for å lære om rettsstaten. Slik har vi fått formidla eigne erfaringar, men dei same erfaringane blir i liten grad brukt som styringsinstrument for vidareutvikling av den norske rettsstaten. Erfaringane blir også i liten grad omdanna til program for utvikling tilpassa andre forhold.
Forskargruppe med eit heilskapleg rettsstatsperspektiv
Eit av dei sentrale siktemåla til Forskargruppa for rettsstat er å bidra med forsking ut frå eit heilskapleg rettsstatsperspektiv. I forskargruppa vil vi arbeide med problemstillingar som går på tvers av dei sektorane som brukar og skapar rett i rettsstaten: forvaltinga, domstolane og lovgjevarane.
Arbeidet til forskargruppa vil verte særleg relevant i eit tid då rettsstatsfunksjonar blir utvikla og handheva både på nasjonalt og transnasjonalt nivå, og viktige rettsstatsprinsipp om domstolanes sjølvstende er truga i Europa.
Fakta om forskergruppen
- Forskargruppa for rettsstat er ei vidareføring av «Rettsstatsprosjektet» som vart starta i 2016 av Jørn Øyrehagen Sunde, Eirik Holmøyvik og Ragna Aarli.
- I perioden 2016-2018 arbeidde dei involverte forskarane med å etablere eit nasjonalt og internasjonalt kontaktnett for domstolsforsking. Forskargruppa for rettsstat byggjer vidare på desse faglege samarbeida.
- Gruppa er open for alle som ønskjer å delta i faglege diskusjonar om dei grunnleggjande institusjonane for dei rettsfellesskapa vi er ein del av.
Prosjekter
Ph.d.-prosjekt
Skattemessig bosted for selskaper
Nilssen, Mari Knapstad, Skattemessig bosted for selskaper: Hva er vilkårene for at et selskap skal anses hjemmehørende i Norge etter skatteloven § 2-2?
Debitorskifte
Nordtveit, Torhild Elin, Debitorskifte
Privatpersoners rett til erstatning for myndighetenes brudd på grunnleggende menneskerettigheter
Nordhus, Ole-Gunnar, Privatpersoners rett til erstatning for myndighetenes brudd på grunnleggende menneskerettigheter
Fare som grunnlag for tvungen psyskisk helsevern
Mindestrømmen, Martin, Fare som grunnlag for tvungen psyskisk helsevern: Ein studie av strafferettens farebegrep
- Forsømmelser og prosesskostnader
- Taslaman, Selma, Forsømmelser og prosesskostnader: Om forsømmelsers betydning for kostnadsfordelingen i sivile saker
- Dobbeltforsikring - ansvar for "samme tap". Myklebust, Ingrid Marie, Dobbeltforsikring - ansvar for "samme tap"
- Delegering i forvaltningsretten. Røsvoll, Tarjei Ellingsen, Delegering i forvaltningsretten.
- The Concept of Control in International Law. Verling, Espen Haugsvær, The Concept of Control in International Law.
- Utviklingar i formueretten i norsk mellomalder. Hatløy, Brage Thunestvedt, Utviklingar i formueretten i norsk mellomalder.
- Concealment, Visibility and the Construction of Qeer Refugee Grønningsæter, Andrea Vige, Concealment, Visibility and the Construction of Qeer Refugee.
- The legal environment in implementing MDSR in Ethiopia. Kidanemariam, Mulu Beyene, The legal environment in implementing MDSR in Ethiopia: Balancing legal accountability and the protection or MDSR participants.
Publikasjoner
Utredninger
NOU 2019:17 Ny domstolskultur
Ragna Aarli og Eirik Holmøyvik deltok i utredningen av ny domstolstruktur. Domstolkommisjonen ble oppnevnt ved kongelig resolusjon 11. august 2017 for å utrede domstolenes organisering. Kommisjonen ble bedt om å avgi en delutredning med skisse til en konkret domstolstruktur for tingrettene, jordskifterettene og lagmannsrettene. Utredningen ble overlevert til Justis- og beredskapsdepartementet 1. oktober 2019.
NOU 2020:6 Frie og hemmelige valg - ny valglov
Ragna Aarli og Eirik Holmøyvik deltok i Valglovutvalget, som i utredningen legger frem forslag til ny valglov. Utvalget har foretatt en helhetlig gjennomgang av gjeldende valglov. Utvalget foreslår blant annet endringer i valgordningen, klageordningen og en ny beredskapshjemmel.
NOU 2020:11 Den tredje statsmakt. Domstolene i endring
Ragna Aarli og Eirik Holmøyvik deltok i domstolkommisjonen, som ble oppnevnt for å utrede hvordan domstolene bør organiseres for å være best mulig rustet til å ivareta forventninger om effektivitet og kvalitet og sikre deres uavhengighet gjennom omskiftelige samfunnsforhold. Utredningen må ses i sammenheng med NOU 2019: 17 Domstolstruktur, som ble avgitt 1. oktober 2019.
Utgreiing til kommunal- og moderniseringsdepartementet om høvet til å utsetje eller forlenge valtinget eller å halde omval ved stortingsvalet i 2021 grunna koronasituasjonen
Eirik Holmøyvik leverte 3. desember 2020 ei utreiing til kommunal- og moderniseringsdepartementet om høvet til å utsetje eller forlenge valtinget eller å halde omval ved stortingsvalet i 2021 grunna koronasituasjonen.
Notat til Folketingets udredningsgruppe vedrørende håndteringen av Covid-19: Norge og covid-19-krisen
Eirik Holmøyvik, saman med Jostein Askim (UiO), utforma notat til Folketingets utredningsgruppe vedrørende håndteringen av Covid-19. Notatet er vedlegg nr. 4.
Utgreiing til koronakommisjonen av statsrettslige spørsmål i samband med styresmaktenes handtering av Covid-19
Levert av Eirik Holmøyvik 18. september 2020. Forventa publisering mars 2021.
Utgreiing til Stortinget om dei konstitusjonelle sidene til regjeringas framlegg til Midlertidig lov om forskriftshjemmel for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av Covid-19 mv. (koronalova).
Utforma av Eirik Holmøyvik. Vedlegg til Innst. 204 L (2019-2020).
Utgreiing til vallovutvalet: "Klageordning for stortingsval".
I NOU 2020: 6 Frie og hemmelige valg, vedlegg 1, s. 415-424. Utforma av Eirik Holmøyvik.
Rapport frå utvalet som skal greie ut Stortingets kontrollfunksjon (2020-2021).
Rapport frå utvalet som ble nedsatt 25. mai 2019, med deltaking av Eirik Holmøyvik.
Brukere
Gruppemedlemmer
Eirik Holmøyvik Professor
Jørgen Aall Professor
Ragna Aarli Professor og Prodekan for forskning
Axel Hjo (Tidligere Jonsson) Stipendiat
Henriette Sinding Aasen Professor
Ingun Fornes Førsteamanuensis
Jan Fridtjof Bernt Emeritus
Magne Strandberg Professor
Anna Linda Gröning Professor
Synne Sæther Mæhle Professor
Sören Koch Professor
Terje Einarsen Professor
Torhild Nordtveit Postdoktor
Anneken Kari Sperr Professor
Ole-Gunnar Nordhus Gjesteforsker
Mulu Beyene Kidanemariam Stipendiat
Marthe Sleire Engedahl Stipendiat
Brage Thunestvedt Hatløy Postdoktor