Home
Student Pages
erasmus+

University of Urbino and Department of Foreign Languages (ERASMUS+)

  • CountryItaly
  • TownUrbino
  • Number of exchange places1
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Università degli Studi di Urbino Carlo Bo ligg i Urbino, ein by i regionen Marche. Det blei grunnlagt i 1506, og var privat eigd fram til 2006. I dag er det eit offentleg universitet med ti fakultet og 14 000 studentar. Universitetet har ikkje éin sentral campus, men held til over heile byen og området rundt. Det har tradisjonelt fokusert på humaniora, og er kjend for kursa sine i italiensk språk.

Urbino er ein liten by med 15 500 innbyggarar, kor alt er innan gangavstand. Han er omgitt av bymurar, som på 1500-talet blei bygd opp att med Leonardo da Vinci sitt design. Byen står oppført på UNESCO si verdsarvliste, då han representerer det fremste av arkitektur og kunst frå renessansen, som for eksempel Palazzo Ducale. Urbino er òg fødebyen til renessansemålaren Rafael.

Accommodation

Universitetet har eigne studentbustader som er reserverte for internasjonale studentar og gjestar til universitetet. Dei ligg nokre kilometer utanfor byen, men har gode kollektive transportsamband.

Semester duration

September - januar og februar - juni.

by
Photo:
© Università degli Studi di Urbino/Carlo Bo

Information