Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and University of Montreal

  • CountryCanada
  • TownMontréal
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Université de Montréal har i dag nærare 45 000 studentar, inkludert deltidsstudentane. Det er totalt nærare 3000 internasjonale studentar frå om lag 125 land ved UdeM i dag.Universitetsområdet ligg ved like ved eit stort parkområde ved foten av Mount Royal, som er eit av Montreal sine best kjente landemerke.

Montreal ligg i den kanadiske provinsen Quebec. Sjølv om fransk er det mest brukte språket i Montreal-området, forstår dei fleste engelsk. Med sine tre og ein halv million innbyggarar er Montreal den nest største franskspråklege byen i verda, samstundes som det er den tredje største engelskspråklege byen i Canada. Montreal er ein storby med internasjonal atmosfære. Sidan Montreal ligg langt frå havet har byen eit typisk innlandsklima, med store temperatursvingningar. Somrane er varme og fuktige, med ein gjennomsnittstemperatur på 25°, og varer fra juni til september. Vintrane er kalde, med ein gjennomsnittstemperatur på -10° (variasjonar mellom -30° og 0°), og med snø som gjerne ligg i 12-13 veker.

Accommodation

Studentbustadane inne på universitetsområdet har plass til om lag 1200 fulltidsstudentar, og 3-400 hyblar blir ledige kvart år. Tildelinga skjer fortløpande. Prisen kjem an på om ein ønsker enkeltrom eller dobbeltrom. For eit enkeltrom betaler ein 200-250 CAD per månad (900-1200 NOK). Universitetet har òg ei bustadteneste som kan hjelpe utvekslingsstudentar med å finne bustad på den private marknaden.

Semester duration

Det akademiske året ved UdeM er delt i tre, med eit rimesterinndeling, med eit haust-, vinter- og sommartrimester. Dei trimestera som er mest aktuelle for utvekslingstudentar frå UiB varer frå september til desember og frå januar til april.

Information