Home
Student Pages
bilateral

University of Costa Rica and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryCosta Rica
  • TownSan José
  • Number of exchange places2
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad de Costa Rica (UCR) er i dag rekna for å være det beste universitetet i Mellom-Amerika, og har høg prestisje innan helsefag, rettsvitkskap, journalistikk, statsvitskap og fleire andre fagområde. UiB har samarbeidd med UCR i mange år og kan kvart semester sende ei gruppe studentar gjennom utvekslingsavtalen mellom dei to universiteta. Ein kan studere emne innanfor dei fleste fagområde ved dette universitetet, men som regel har UiB-studentane tatt emne innanfor språk, politikk, psykologi og odontologi.

Hovudcampus ligg sentralt i hovudstaden San José, i bydelen San Pedro de Montes de Oca. San José ligg inne i landet på ei høgslette med behageleg temperatur, med nokre av dei flottaste strendene i Mellom-Amerikas berre nokre timar unna. Costa Rica er elles eit lite og fredeleg land som har mykje å by på når det gjeld naturopplevingar.

Accommodation

UCR kan hjelpe til med å finne privat innkvartering hjå ein costarikansk familie, men mange UiB-studentar vel å gå saman med andre studentar frå Bergen eller Costa Rica for å finne ein bustad på eiga hand på den private markanden. Leigeprisane kan variere, og i nokre tilfelle kan dei vere på norsk nivå.

Semester duration

Vårsemesteret i Costa Rica går frå slutten av februar til slutten av juli og haustsemesteret frå medio august til medio desember.

Grøn campus
Photo:
© Universidad de Costa Rica

Information