Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and Macquarie University

  • CountryAustralia
  • TownNorth Ryde, Sydney
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Macquarie University (MQ) blei grunnlagt i 1964 og har i dag rundt 40 000 studentar. MQ kallar seg sjølv "Australia's innovative university" og blir sett på som det mest radikale og ukonvensjonelle universitetet i Australia. Det legg vekt på fleksibilitet, breidde og nytenking innanfor læringsmetodar. Hovudcampusen har ein eigen stoppestad på jernbanelinja, ein dryg halvtimes togtur frå Sydney sentralstasjon.

Sydney er hovudstaden i den australske delstaten New South Wales og har over 4 millionar innbyggjarar. Byen er den største og viktigaste i Australia når det gjeld finans, transport, handel og kultur. Sydney er ein populær global og nasjonal turistdestinasjon, og blir ofte omtalt som ein av dei flottaste og mest livlege byane i verda. Klimatisk ligg Sydney i den tempererte sona, med varme somrar og milde vintrar.

Accommodation

Macquarie University sitt bustadkontor kan hjelpe til med å finne bustad, enten på studentheim, eller på den private marknaden. Dei har òg forslag til ulike midlertidige bustader det går an å leige dei første vekene, inntil ein finn noko meir permanent.

Semester duration

Februar - juni/juli og juli - desember.

Flott bygning
Photo:
© Macquarie University/Paul Wright

Information