Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and University of Melbourne

  • CountryAustralia
  • TownParkville
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Melbourne blei oppretta i 1853 og er det nest eldste universitetet i Australia. Universitetet er medlem av «Group of Eight» og er eitt av dei leiande universiteta i landet. Universitetet sin hovudcampus Parkville ligg sentralt i Melbourne. Det er lett å kome seg dit med buss, trikk eller til fots. På denne campusen finn ein alle fagretningar, med unntak av utdanningane i medisin, veterinærvitskap, kunst og «Land and Food Resources».

Melbourne er den nest største byen i Australia med 4,3 millionar innbyggarar. Dette byen for deg som set pris på dei gode tinga i livet: Her finst god mat, god vin, kunst og litteratur og ei levande og innovativ musikkscene. Byen er kjent for å ha eit europeisk preg, og er dessutan midt i blinken for deg som likar å køyre trikk. Melbourne ligg på ei breiddegrad tilsvarande der Spania ligg på den nordlege halvkule, noko som gir byen eit komfortabelt middelhavsklima.

Accommodation

Det finst nokre bustader på campus, men dei fleste norske utvekslingsstudentane vel heller å leige noko privat utanfor campus. Universitetet har ein svært god nettbasert bustadteneste med informasjon om dei ulike områda ein kan busette seg i, gode råd og tips, og oversikt over ledige rom på den private marknaden. Universitetet hjelper òg til med å skaffe midlertidige rom for dei første dagane etter ankomst i Australia.

Semester duration

Juli - november/desember og februar - juni/juli.

Campus fra luften
Photo:
© The University of Melbourne

Information