Home
Student Pages
bilateral

University of Buenos Aires and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryArgentina
  • TownBuenos Aires
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad de Buenos Aires (UBA) vart etablert i 1821 og er eit offentleg universitet med om lag 300 000 studentar og 13 fakultet. UBA er blant dei aller mest prestisjetunge universiteta i Latin-Amerika og er Argentinas leiande utdanningsinstitusjon. Fakulteta ved UBA inngår eigne samarbeidsavtalar med utanlandske universitet. UiB har avtale med Facultad de Ciencias Sociales (UBA-CS). Fakultetet vart oppretta i 1988 og har om lag 25 000 studentar. Fakultetet har ikkje eigen campus i vanleg forstand, men undervisninga er konsentrert til nokre få bygningar der også institutta har kontora sine. Det er for tida ingen konkrete planar om å inngå avtalar med fleire fakultet ved UBA.

Buenos Aires er ein storby i ordets rette tyding. Byen runda den første millionen innbyggarar så tidleg som i 1910 og i dag bur rundt 12 millionar menneske i den sentrale delen, area metropolitana. Byen har eit rikt kulturliv med eit utal teater, museum, bibliotek og ikkje minst fotballag. Klimaet er mildt med middeltemperatur på 25 grader om sommaren (desember-januar) og 11-12 grader om vinteren (juni-juli).

Accommodation

UBA-CS vil kunne hjelpe til med å finne eigna bustad.

Semester duration

Det akademiske året er delt inn i to semester som går frå mars-juni/juli og august-desember.

Information