University of Sydney and University of Bergen (BILATERAL)
- CountryAustralia
- TownSydney
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeBilateral
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
The University of Sydney (USYD) vart etablert i 1850 og er det eldste universitetet i Australia. Det er medlem i «Group of Eight» som er eit samarbeid mellom Australias mest prestisjefylte forskingsuniversitet. USYD har ni campusar spreidd rundt i Sydney-området, og i tillegg til fleire forskingsinstitutt ulike stader i Australia. Hovudcampus er Camperdown/Darlington som ligg om lag 3 kilometer frå hjartet av Sydney og er basen til fleirtalet av de ulike akademiske disiplinane. Studenttalet ved USYD er på rundt 50 000.
Sydney er hovudstaden i den australske delstaten New South Wales og har over 4 millionar innbyggjarar. Byen er den største og viktigaste i Australia når det gjeld finans, transport, handel og kultur. Sydney er ein populær global og nasjonal turistdestinasjon, og blir gjerne omtalt som ein av dei flottaste og mest livlege byane i verda. Klimatisk ligg Sydney i den tempererte sona, og nyt godt av varme somrar og milde vintrar.
Accommodation
Frå vårsemesteret 2015 innfører USYD bustadsgaranti for internasjonale studentar. Les meir om kriteria for å få tildelt bustad på nettsidene til universitetet. Dei som vil skaffe seg bustad utanfor campus blir råda til å kome til Sydney minst to veker før orienteringsveka byrjer. Bustadkontoret ved USYD kan gi tips og råd i prosessen med å finne ein stad å bu.
Semester duration
Juli - desember og februar - juni/juli.
Information
- Homepagehttp://sydney.edu.au/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7217
- Subject nameAlle fag