Graz University of Technology and Department of Chemistry (ERASMUS+)
- CountryAustria
- TownGraz
- Number of exchange places2
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Technische Universität Graz blei etablert 1811. Det spesialiserer seg innanfor ingeniørfag og naturvitskap, og har i alt sju fakultet. Universitetet held særskilt fokus på forskingsområda avansert materialvitskap, human- og bioteknologi, IKT, logistikk og produksjon og berekraftig systemutvikling. Universitetet har tre campusar. To av desse ligg i sentrum av Graz, den tredje litt sør for bykjernen.
Graz er den nest største byen i Austerrike med om lag 270 000 innbyggarar. Han er regionshovudstad i Steiermark, som ligg søraust i landet. Gamlebyen er på UNESCO si verdsarvliste og er kjent for ein integrert arkitektur frå mange ulike tidsepokar og stilartar. Byen har eit stort kulturtilbod, som blant anna rommar fleire musikkfestivalar, ein eigen dokke- og gateteaterfestival og verdas største samling middelalderrustningar.
Accommodation
Universitetet tilbyr studentbustader gjennom eit regionalt samarbeid for internasjonalt mobilitet. Ein kan søke om bustad på nett innan ein gitt frist kvart semester. Det er hovudsakleg snakk om små hyblar eller rom i kollektiv.
Semester duration
Oktober - januar og mars - juli.
Information
- Homepagehttp://www.tugraz.at/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7204
- Subject nameNanoscience