Home
Education
nordplus

Nettverk i psykologi

  • CountrySweden
  • TownUppsala
  • Exchange programmeNordplus
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Uppsala universitet er Sveriges eldste universitet, grunnlagt i 1477. Det har ni fakultet med om lag 25 000 fulltidsstudentar og har tre hovuddisiplinar: humaniora og samfunnsvitskap, medisin og farmasi og tekniske- og naturvitskaplege fag. Uppsala universitet har fleire campusar i byen, og har ein campus i Visby, Gotland etter samanslåing med Høgskolen på Gotland i 2013. Uppsala er rangert blant verdas 100 beste universitet i tre ulike rankingar.

Uppsala er Sveriges fjerde største by med 150 000 innbyggarar, og ligg 65 km nord for Stockholm. Det er ein kultur- og studentby, rundt 45 000 studentar set eit tydeleg preg på byen.

Accommodation

Uppsala universitet har ikkje studentbustadar, men eit Housing Office administrerer tleige av bustader til studentar. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden.

Semester duration

August - januar og januar - juni.

Information