Bergen og vestlandsregionen skal spele ei leiande rolle både nasjonalt og internasjonalt innanfor mellomalderfeltet
Forsking på mellomalderen har lenge stått sterkt i Bergen og held høg internasjonal kvalitet. Mellomalderklynga er ei av sju kunnskapsklynger ved Universitetet i Bergen, og den einaste innanfor humanistiske fag.
Illustrasjon av Arkikon
Mellomalderen er ein sentral tidsperiode som har hatt mykje å seie for historisk utvikling og identitet i Noreg og elles i Europa. Kunnskap om norsk og europeisk mellomalder er difor av stor betydning, og avgjerande for å forstå bakgrunnen for det moderne samfunnet.
Bergen og vestlandsregionen har fleire sterke fagmiljø som tek vare på den felles kulturarven frå mellomalderen. Mellomalderklynga skal vere eit samlande organ for desse fagmiljøa og støtte opp om samfunnsoppdraga til samarbeidspartnarane: forsking, utdanning, formidling og forvalting, med fokus på nyskaping og innovasjon.
Open Positions Medieval Research Cluster
- Postdoctoral position in Social Anthropology – ERC Project In/visible women of the sea (GENMAR)
- Two PhD Research Fellowships in Climate Dynamics
- Associate Professor in foreign language education at the Department of Foreign Languages
- PhD Research Fellow in Data-Driven Computational Mechanics for Offshore Wind Energy
- PhD position on AI Ethics in Human-AI Constellations at AI LEARN