Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
arktiske visualiseringer

Norske settlerkvinner i det samiske nord

Godt plassert i nordområda skapte Wessel og Wiig, to kvinner frå borgarskapet i sør, sine eigne livsprosjekt. Der spelte fotografiet ei viktig rolle. Bileta dei skapte gir eit innblikk i livet deira, men også i deira blikk på det samiske.

Ellisif Wessel poserer med reinsdyr og slede
Wessel og Wiig inkluderte samar i den visuelle iscenesettinga av sitt eige nærvær i nordområda. I mange av fotografia er dei iført samiske klede. Her poserer Ellisif Wessel med reinsdyr og slede.
Photo:
Grenselandmuseet

Main content

På slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet retta mange kameraa sine mot samane i Nord-Noreg. Dei som har fått størst merksemd for fotografia sine, har vore mannlege reisande, på meir eller mindre korte opphald, som forskarar, oppdagarar og turistar.

Dei mest kjende eksempla er kanskje den dansk-norske forskaren Sophus Tromholt, som ville fotografere nordlyset, og den franske prinsen Roland Bonaparte, som tok i bruk fotografiet i si raseforsking.

I ei ny bok, Adjusting the Lens, redigert av Sigrid Lien og Hilde Wallem Nielssen, har dei i eit eige kapittel retta merksemda mot to kvinner, Ellisif Wessel og Margarethe Wiig. Dei busette seg i Finnmark fylke på høvesvis 1880-talet og 1920-talet, og dokumenterte det samiske folket gjennom fotografering.

Reiste til eit friare liv

Dei to kvinnene tilhøyrde borgerskapet og flytta nordover saman med ektemennene sine; Wessel var legefrue, Wiig var prestefrue. Begge var sterke personlegdomar som etter kvart blei meir kjende enn sine menn. 

– Livet i grenselandet i Nord gav dei mogelegheiter til å overskride kulturelle og fysiske grenser som elles var pålagd kvinnar frå borgarskapet på den tida, fortel professor i kunsthistorie, Sigrid Lien.

Ellisif Wessel budde i Kirkenes, eit multikulturelt kystsamfunn med nordmenn, kvener, samar og russarar. Som sosialist bygde ho opp fagforeiningar og hadde nære band til det revolusjonære Russland. 

Margarethe Wiig kom først til Karasjok, eit samisk samfunn i innlandet, som også var ramma av den norske assimiliseringspolitikken. Wiig blei etterkvart kjent for sitt sosiale engasjement, blant anna for sin institusjonsbygging for utsatte grupper i samfunnet og sin innsats for samiske skuleborn.  

Wiig på veg til kysten

Både Wessel og Wiig nytta eigne fotografi som utgangspunkt til illustrasjonane i bøkene dei gav ut for born.

Photo:
UiT Norges arktiske universitetsmuseum

Familiefoto og reiseskildringar 

Dei to kvinnene drog nordover med 40 års mellomrom. Ideologisk stod dei langt frå kvarandre, den eine sosialist og den andre prega av kristen misjonsånd. 

– Ein kunne ha tenkt at dei hadde lite til felles, men begge var del av den koloniale moderniseringsprosessen i Noreg, og begge var aktive fotografar. Dei to kvinnene hadde ei felles forankring i den settlerkoloniale kulturen og rolla som utsendingar for Noregs modernitet, sivilisasjons- og nasjonsbygging, fortel Lien.

– Saman med Hilde har eg studert den fotografiske arva dei har etterlatt seg. Blant anna har vi undersøkt korleis dei sosiale og kulturelle omgjevnadane påverka den fotografiske produksjonen til dei to kvinnene, korleis dei iscenesette seg sjølv og andre, og korleis bilda har sirkulert i ettertid, seier ho. 

– Vi har også stilt spørsmål om dei to kvinnenes styrke og sjølvstende utfolda seg på bekostning av samane. 

Både Wessel og Wiig lagde i utgangspunktet fotoalbum med eigen sosiale krets i mente. Albuma skulle fungere som minne, eller som eit utgangspunkt for samtale og forteljingar om deira ekstraordinære eventyr i nord. Og i likheit med mannlege reisande, fotograferte dei samar for å iscenesette sitt eige nærvær i nordområda. I mange av fotografia er dei iført samiske klede.

Wesselparet på piknik

Ellisif Wessels fotografi av ein vinterboplass under ei Læstadiansk samling i Sør-Varanger vinteren 1897. Bileta hennar var omhyggeleg komponert, og folk var ofte tydeleg instruerte og oppstilte.

Photo:
Grenselandmuseet SMU F00895

Wessel tok bilete av etnografisk karakter

Lien fortel at Wessel, den unge legefrua, fotograferte mykje frå dagleglivet sitt og eigne omgjevnader. Ho tok bilete av hunden og mannen, frå hus og hage, av landemerke i omgjevnadane, kyrkjer, snøkledde vidder, postmannen på kaia eller ein stranda kval. Og ikkje minst samane og den kvenske befolkninga som budde i området.

Gjennom albuma hennar blir bileta ein del av ei historie fortalt til og av personar i ein avgrensa krets av den norske middelklassen, men dei skil seg ut frå dei typiske urbane, borgarlege fotoalbuma som var vanlege på den tida. Bileta viste ei heilt anna side av borgarskapet sitt liv, farga av livet i nord:

Dei var stort sett tekne utandørs. Pikniken var ikkje frå ein hage, men ved ei stri elv eller foss. Søndagsturen gjekk ikkje til parken, men til storslått villmark, anten til fots eller i ein enkel kano. Og ofte var bileta hennar tekne på ekskursjonar saman med legemannen. Ein annan ting som skilde albuma hennar frå andre borgarlege album er inkluderinga av folk utanfor eigen sosiale klasse; ho fotograferte reindriftsamar, kystsamar og kvenske bønder.

I følgje Lien og Nielssen er Wessel sine bilete av lokalbefolkninga av etnografisk karakter. Ho fotograferte både kvinner, barn og menn i heilfigur og dokumenterte livet bådet til fastbuande og nobadiske samar. Bileta var omhyggeleg komponert, og folk var ofte tydeleg instruerte og oppstilte.   

– Folk Wessel kjende blei namngjevne i albuma, men samane og kvenane blei ikkje førte opp med verken namn eller omtale. Både bileta og tilhøyrande tekstar er farga av blikket hennar som ein utanforståande, overordna observatør, prega av dei sosiale og kulturelle skilnadene mellom henne og dei ho fotograferte, fortel Lien.

Fotografi av en sameleir i fjellene over Sandnes, Sør-Varanger 1897

Samiske skulebarn i Kautokeino 1931, fotografert av Margrethe Wiig. Wiig uttrykte djup bekymring for utfordringane dei møtte på dei norske skulane.

Photo:
Grenselandmuseet SMU F00900

Wiig tett på den nomadiske lokalbefolkninga

Medan Wessel sine bilete har ei klasserelatert, kulturell distanse, uttrykker Wiig sine bilete ei større grad av nærleik, fysisk engasjement, liv og rørsle.

– Wiig levde tettare på lokalbefolkninga, noko fotoalbuma hennar også ber preg av, sjølv om også hennar bilete er dominert av «piknik- og ekskursjonssjangeren» og reflekterer ei romantisering av livet i nord. Som Wessel fotograferer ho eige kvardagsliv og omgivnader, men dessutan familiens deltaking i lokalsamfunnet. Som ein del mannens kyrkjelege plikter høyrde det med at dei følgde kyrkjelyden, fortel Lien.

Herr og fru Wiig flytta inn i telt og følgde dei samiske sesongvandringane mellom kyst og innland; delte dei fysiske strabasane, lange dagar til fots, elvekryssingar og pausar rundt båla. Desse nære banda med det samiske kvardagslivet er synlege i fotografia hennar. Men albuma hennar inneheld også bilete frå institusjonar i området som var viktige for den norske nasjonsbygginga og sivilisasjonsprosjektet; kyrkja, prestebustaden, skulen og andre lokale institusjonar. 

– Medan ho var ein del av denne prosessen, utrykte ho også djup bekymring for skulesituasjonen for dei samiske barna og utfordringane dei hadde på skulen som resultat av den norske assimileringspolitikken. Det inspirerte henne til å lage den første samiske ABC'en, forklarar Lien. 

Samiske skolebarn i klasserommet

Med kvit duk og norsk flagg på ekskursjon i samiske område i Varanger. Ekspedisjonsfotografi av Ellisif Wessel frå juli 1897. I forgrunnen Wessels norske reisefølge, juristen Hagemann og frøken Hagemann. I bakgrunnen to samiske unge kvinner – ikkje namngjevne.

Photo:
UiT Norges arktiske universitetsmuseum

Frå private til offentlege fotografi

Etter kvart skulle bileta til dei to kvinnene bli nytta i fleire andre samanhengar, utover dei meir private fotoalbuma. Wessel, som ei tid hadde eige fotoatelier i doktorbustaden i Kirkenes, selde blant anna fotoalbum på bestilling, og bileta hennar har blitt nytta som postkort, og dessutan til forskings- og utdanningsformål – inkludert raseforsking. 

Fotografia deira blei også nytta som illustrasjonar i ektemennene sine publikasjonar. Både presten og legen skreiv bøker om sine opplevingar i grenselandet. Ikkje minst nytta kvinnene bileta i sine bøker for barn.

Ellisif Wessels bilete nytta som illustrasjon i eiga barnebok

Familien Wiig følger den samiske forflytninga mot kysten, april 1928.

Photo:
Grenselandmuseet

Slik Lien og Nielssen ser det, er den misjonerande ånda deira, drevet av idear om sosial reform, eit slåande koplingspunkt mellom dei to grensekvinnefotografane.

Denne koplinga er spesielt tydeleg barnepublikasjonane, der dei brukar eigne fotografi av samane som grunnlag for illustrasjonane. Medan Margarethe Wiig omfamnar samiske barn i den universelle humanismens og misjonskulturens ånd, innlemmer Ellisif Wessel, i sann sosialistisk ånd, samane i det internasjonale proletariatets større fellesskap, slår Lien og Nielssen fast.

Wessel sitt engasjement og innsats for arbeidarklassen og Wiig sin innsats for å støtte samane si sak og samisk språk gav dei noko i retur: Plassert i nordområda, skapte dei sitt eige livsprosjekt, med fotografiet som ein vesentleg del av det.

– Dei fekk eit stort handlingsrom, større sjølvstende og meir status enn det ville ha vore mogleg for dei i urbane sentre sørpå, på grunn av restriksjonar knytt til kjønn og sosial status. Å appropriere samiskheit, på ulike måtar, var ein del av denne prosessen, meiner Lien.