Digital rikssamling
No kan du reise digitalt i tid og rom i fortidas Noreg, og dra frå Bergen i 1320 til Tautra på 1200-talet eller Oslo i 1798. Utgangspunktet for reisa er den nye nettportalen Digital rikssamling.
Main content
Dei siste åra er det blitt laga fleire digitale framstillingar av norsk kulturarv, basert på tverrfagleg forsking. Prosjektet Bergen Anno 1320 i regi av Mellomalderklynga er eit av desse.
Ved hjelp av innovativ teknologi og virtuelle framstillingar kan du ta turen tilbake i tid, og besøke bygningar og stader som for lengst er vekke.
No kan du finne digitale framstillingar av fortida via den felles inngangsportalen Digital rikssamling. Med denne nettsida blir det lettare for eit breiare publikum å finne fram til dei ulike stadene i Noreg som kan sjåast i fordums prakt på nett, anten det er enkeltbygningar eller bymiljø.
Gjennom samarbeidet med selskapet Tidvis i Oslo er Universitetet i Bergen og Mellomalderklynga ein del av arbeidet med den felles portalen. Digital rikssamling fungerer også som eit nettverk der aktørar som arbeider med digital forskingsformidling, kan dele erfaringar og kunnskap.
Les meir: Digital rikssamling