Home
Medieval Research Cluster

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
middelalderforum

Vikingtidas begynning – handel og plyndring

Velkomne til foredrag i Dyvekes vinkjeller med forskar i arkeologi, Irene Baug.

Illustrasjon av vikingskip til sjøs
VIKINGTID: Kva var det som starta vikingraida mange i dag gjerne forbind med vikingtid?
Photo:
Arkikon AS

Main content

Forskar i arkeologi, Irene Baug, held føredraget «Vikingtidas begynning – handel og plyndring».

Allereie før vikingtid blir dagens Noreg ei kjelde for ettertrakta handelsvarer i Europa, og handelen er ein aktivitet som aukar i løpet av dei neste århundra og inn i mellomalderen. Noreg har hatt rike og store utmarksområde med eit breitt spekter av naturressursar, og produkt som jern, pelsverk, gevir og ulike steinprodukt – til dømes brynesteinar – utgjorde viktige handelsvarer som vart distribuert over store område.

Det arkeologiske materialet viser spor av gjentakande og fredelege kontaktar.  Kva var det då som fekk folk til å sette segl og reise vestover mot engelske, irske og skotske område for å plyndre? Med andre ord, kva var det som starta vikingraida mange i dag gjerne forbind med vikingtid?

Alle er velkomne og det er gratis inngang!

Sjå facebookevent