Lektor i samfunnskunnskap
Institutt for politikk og forvaltning er også eit lektorutdanningsinstitutt. Vi driv med skulerelevant forsking og samarbeider med lektorar i skulen. På denne sida finn du informasjon og ressursar om dette.
Main content
Vi tilbyr lektorutdanning med politikk og forvaltning som fag, og under «Lektorutdanning med statsvitskap» finn du informasjon om desse utdanningstilboda. Vi har også studentar i praksis i skulen, og øvingslærarar som vil vita meir om noko av det studentane har lært i samfunnskunnskapsdidaktikk finn informasjon om dette under «Ressursar for øvingslærarar i samfunnskunnskap». Forskingsarbeid som er relevant for samfunnskunnskap i skulen legg vi ut under «Aktuell forsking».
Ved instituttet tilbyr vi fagleg oppdatering for lektorar som arbeidar med statsvitskaplege tema i skulen, og har eit eige nettverk som heiter «Statsvitskap i skulen». Kva tema vi har hatt oppe, komande møte og nokre faglege ressursar finn du under.
Lektorutdanning med statsvitskap
Du kan bli lektor med statsvitskaplege fag, som Politikk og forvaltning eller Samanliknande politikk. Begge faga gir opptak til PPU, og dersom du tar integrert lektorutdanning på HF kan du ta Politikk og forvaltning som fag 2 i det programmet.
Informasjon om PPU utdanning finn du via denne lenkja her.
Dersom du vil ta Politikk og forvaltning som fag 2 i lektorutdanningsprogramma på HF blir du kvalifisert til å undervisa i samfunnsfag i ungdomsskulen, i samfunnskunnskap og i samfunnsvitskaplege programfag på vidaregåande skule.
Studentar som tar politikk og forvaltning som fag 2 får god oversikt over det norske demokratiske systemet. Dette gir grunnlag for undervisning om demokratisk deltaking, medborgarskap og samfunnskonfliktar. Det blir lagt vekt på kva rolle organisasjonar har i samfunnet, og korleis individet deltar i samfunnet gjennom organisasjonar for utdanning, arbeidsliv og det frivillig engasjement. Studentane får eit grunnlag for å forstå skulen som organisasjon og dei får innsikt i samfunnsvitskapleg tenkemåte og forskingsmetode. Emna som inngår er dei følgjande:
3. semester: GOV100 (20 sp)
4. semester: GOV112 (10 sp) + GOV113 (10 sp) + MET103 (10 sp)
5. semester: SAKDI102B (10 sp)
6. semester: GOV251 (10 sp)