Lauvsprett med kanelduft i arboretet
No sist i april kjem lauv og blomar fort fram på mange av dei framande treslaga i arboretet. Tek du turen til sørbøkdalen, vil du oppleve ei god, søt kanellukt no under lauvsprett.
Main content
Elles står kirsebærtrea og magnolia i full blom nedanfor rosariet.
Det er spesielt i litt fuktige morgon- eller kveldsstunder du vil kjenne den søtekaneldufta når du går på sida av eit sørbøktre.
Langs stigen vest for lønnetrea står det no ei samling av fem arter sørbøk som er ganske unik og sjeldan.
Av dei to lauvfellande artene, er Nothofagus antarctica mest vanleg, med duft av kanel. Nothofagus pumilio har derimot større blad og spett tidlegare.
Dei vintergrønne artene som står meir på sidene er Nothofagus betuloides, N.dombeyi og N. solandri.
Elles langs stigen her blømer snart dei knall gule Berberis darwinii og B. montana, som også kjem frå sørlege Chile.
Tek du også turen vidare ned forbi rosariet i Naustdalen står kirsebærtrea i fint flor, og lenger oppe i Hatlehaugen blømer også Magnolia salicifolia. Denne finn du også inne i skogen ved Rhododendron-artsamlinga, som elles står svært blømerik no lengst nord i arboretet.