Home
Department of Chemistry

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
kjemiforsk

Forskningen ved Kjemisk institutt

Forskningsaktiviteten ved Kjemisk institutt er organisert i åtte forskningsgrupper og fokusert inn mot to tematiske satsningsområder: Molekylær livsvitenskap, og Energi og bærekraftig produksjon, med Marin kjemi som et tredje tema under oppbygging.

eat more chemicals

Main content

Kjemi er eit sentralt fag for innsikt i og løysingar på mange av dei store utfordringane som samtida vår røyner seg mot. I tråd med dette gir Kjemisk institutt essensielle bidrag til ei rekke av dei strategiske forskings- og utdanningssatsingane ved MN-fakultetet, og vi har ambisjonar om å styrke og fokusere innsatsen vår ytterlegare i åra som kjem. Dette er viktig for å utvikle, målbære og adressere den kjemiske dimensjonen ved problemstillingane.

Det meste av forskingsaktiviteten ved instituttet kan sjåast i lys av to grunntema: (i) Energi og fornybare ressursar, og (ii) Molekylær livsvitskap. Energi og fornybare ressursar omfattar kunnskapsgrunnlaget og teknologi for det grøne skiftet, t.d. som karbonfrie energibærarar (t.d. ammoniakk), biodrivstoff og bioråstoff som basis for kjemisk syntese og material. Instituttet sine nanovitskaplege forskingsprosjekt inkluderer utvikling av material innan fornybar energi (ammoniakk/hydrogen, energilagring) CO2-fangst, -lagring og -utnytting (f. eks. katalytisk omdanning av CO2 til polymerar), samt utvikling av molekylære katalysatorar for eit biologisk ressursgrunnlag. Molekylær livsvitskap omfatter mellom anna bioprospektering, utvikling og syntese av sambindingar med biologisk aktivitet og potensielt for terapeutisk eller diagnostisk bruk. Satsinga på bioinformatikk gjennom CBU styrker Kjemisk institutt i form av metodisk kompetanse innan molekylmodellering og kjeminformatikk og i form av aktuelle forskingsproblemstillingar. Farmasisamarbeidet og den nasjonale NMR-plattformen er ytterlegare faktorar som har medført stor aktivitet og godt samarbeid med forskargrupper ved det medisinske fakultet og HUS. Kjemisk institutt har aukande aktivitet innan Marin kjemi og analyse, som omfattar molekylær og strukturell karakterisering av marint biologisk materiale (f. eks. fordeling og samansetjing av marine lipid og polyfenolar), men også isolasjon, rensing og strukturoppklaring av både marine og terrestriske naturprodukt. Denne aktiviteten bidrar innan begge dei to grunntema nemnt over, til dømes bioprospektering.

doktorgrader