Vær hav og klimafysikk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar
20
- OpptakskravREALR2
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På studiet lærer du å forstå kombinasjonen av meteorologi og oseanografi. Gjennom praktisk erfaring og kodeferdigheiter utforskar du fysiske, kjemiske og statistiske samanhengar. Du får delta i spennande feltarbeid med forskingsfartøy og dronar for å samle inn nøkkeldata. Du dykkar ned i fagområde som stråling, termodynamikk, mikrofysikk, væskedynamikk, samt kretsløp i hav og atmosfære. Denne breie forståinga dannar grunnlaget for avansert vêrvarsel, effektiv havovervaking og framtidsretta klimaføreseie, inkludert vurdering av klimatiltak. Bli ein del av eit unikt læringsmiljø som utfordrar grensene og rustar deg for å møte morgondagens utfordringar innan vitskap og berekraft.
Studiekvardag
På Geofysisk institutt blir du ein del av eit engasjerande og inkluderande studentmiljø. Her samarbeider studentar på tvers av årskull med innleveringar og førebuingar til eksamen. Du kan forvente rundt seks dobbeltimar med forelesingar kvar veke, i tillegg til rekneøvingar. Praktisk læring inkluderer laboratorie- og dataøvingar, samt spennande tokt og feltarbeid. Lesesalplassar finn du på Universitetsbiblioteket og i Allégaten 66. Det aktive fagutvalet, Geofysisk fagutval (Coriolis), arrangerer både sosiale og faglege aktivitetar. Følg studentlivet på Instagram. Ved Geofysisk institutt blir du ein del av Nordens største klimaforskingsmiljø som samarbeidar tett med store, internasjonale bedrifter.
Kva kan du jobbe som?
Med ein bachelorgrad i Vêr, hav og klimafysikk får du ein svært ettertrakta kompetanse i dagens arbeidsmarknad. Aktuelle område strekkjer seg frå konsulentverksemd, grøn innovasjon og offentleg forvaltning til forsking og undervisning, med unik ekspertise i å forstå naturgitte forhold som vêr, hav og klima – essensielt for berekraftig ressursforvaltning, næring og teknologisk utvikling.
Arbeidsmarknaden etterspør kompetanse i matematikk, fysikk og koding, noko du meistrar etter dette studiet. Din utdanning blir avgjerande for framtidig verdiskaping og berekraft i samfunnet.
Opptakskrav og søknadsfrist
Generell studiekompetanse og REALR2:
Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg anten
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Søknadsfristen er 15. april. Søk her
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i vêr, hav og klimafysikk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. I bachelorprogrammet inngår:
Slik kan studiet sjå ut:
1. semester
- Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
- Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
- Introduksjon til atmosfære, hav og klima (GEOF100, 10 studiepoeng)
2. semester
- Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)
- Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)
- Mekanikk I (PHYS111, 10 studiepoeng)
3. semester
- Atmosfære- og havfysikk (GEOF105, 10 studiepoeng)
- Funksjonar av fleire variablar (MAT212, 10 studiepoeng) eller Kjemi og energi (KJEM110, 10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
4. semester
- Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng)
- Atmosfære-, hav- og klimadynamikk (GEOF110, 10 studiepoeng)
- Ex.phil (MNSEM eller MNEKS, 10 studiepoeng)
5. semester
- Dataanalyse i meteorologi og oseanografi (GEOF210, 10 studiepoeng)
- Fysisk klimatologi (GEOF212, 10 studiepoeng)
- Kjemisk oseanografi (GEOF236, 10 studiepoeng)
6. semester
- Praktisk meteorologi og oseanografi (GEOF232, 10 studiepoeng)
- Numerisk modellering (GEOF211, 10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
Utveksling
Det enklaste er å reise på utveksling i femte og/eller sjette (siste) semester. Vi har avtalar med utvalde samarbeidsuniversitet der fagtilboda passar spesielt godt, blant anna i Tyskland, Austerrike og USA. Dette gjeld også for opphald på Svalbard (UNIS).
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Bachelorstudiet gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i meteorologi og oseanografi og andre relevante masterprogram.
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Les heile studieplanen for bachelor i vêr, hav og klimafysikk