Hjem
Universitetsbiblioteket

Forskingsdata

Universitetsbiblioteket kan gje råd og rettleiing om lagring og tilgjengeleggjering av forskingsdata og utforming av datahandteringsplanar.

Det vert stadig vanlegare at forskingsfinansiørar krev lagring og tilgjengeleggjering av forskingsdata. Fleire utgjevarar har også som føresetnad for publisering at grunnlagsdata knytt til publikasjonen vert gjort tilgjengeleg.

Lagring av forskingsdata

Det finst ei rekkje ulike arkivtenester for forskingsdata som oppfyller forskingsfinansiørane sine krav. Er du forskar på UiB, kan du arkivera data dine i UiB Open Research Data. Her får kvart datasett tildelt ein DOI og ein automatisk generert referanse til bruk i publikasjonar. Arkivet har også versjonskontroll, som registrerer og synliggjer alle endringar som er gjorde i datasettet etter publisering. For meir informasjon og brukerguidar, sjå info.dataverse.no. Sjå denne filmen om korleis arkivere forskingsdata i DataverseNO.

Det kan òg vera aktuelt å velja ei teneste utanfor UiB. For nokre prosjekt finansiert av Forskingsrådet, vil det vere eit krav at data vert arkivert hjå NSD, som generelt er gode på sensitive data. I mange forskingsmiljø er det naturleg å benytte eit fagspesifikt arkiv. På nettsida re3data.org får du tilgang til eit omfattande register over forskingsdataarkiv i heile verda.

Sensitive personopplysingar

Dersom eit forskingsprosjekt skal handtere personopplysingar, må det vurderast om prosjektet må meldast til personvernombodet for forsking. Les meir her.

IT-avdelinga ved UiB har ei eiga teneste for sikker tilgang til sensitive personopplysingar, SAFE.

Datahandteringsplan

Noregs forskingsråd og EUs rammeprogram Horisont 2020 stiller krav om at prosjekt må ha ein datahandteringsplan. Det er ein plan for korleis data skal samlast inn, handterast og gjerast tilgjengelege, både undervegs og etter prosjektslutt. Planen må også kartleggje eventuelle sensitive data og nødvendige tryggleikstiltak og restriksjonar for deling.

Det finst fleire verktøy for utforming av datahandteringsplanar. Ved å bruke desse kan ein utforme datahandteringsplanar i samsvar med krav frå ulike forskingsfinansiørar. Desse planane kan også delast og redigerast av andre. Døme på slike verktøy er:

Fordelen med NSD er at dei tilbyr rettleiing på norsk og du unngår dobbeltregistrering ved import fra Cristin, medan DMPonline og DMPTool har eksempel på opne tilgjengelege datahandteringsplanar.

Ofte stilte spørsmål (FAQ)

Kva er forskingsdata?

Forskingsdata kan defineras som alle data som er produsert av forskaren i eit forskingsprosjekt.

Med dette meines informasjon, særleg fakta eller tall, samla inn eller produsert for fremma påstander i faglitteraturen, t.d. statistikk, resultat av eksperimenter, målingar, observasjonar i feltarbeid, spørjeundersøkingar, intervjuopptak, bilder etc.

Kva er FAIR-prinsippa?

FAIR-prinsippa er eit sett med retningslinjer for opne forskingsdata, og står for Findable, Accessible, Interoperable and Reusable.

The FAIR principles explained

Produsent:
Maastricht University

Kvar kan eg lagra og dela mine forskingsdata?

For å gjere forskningsdataa dine synlege og tilgjengelige, bør du velge eit fagspesifikt arkiv. Eit slikt kan du til dømes finne på re3data.org, som er det største og mest omfattande registeret over tilgjengelege dataarkiv.

Viss du ikkje finn eit aktuelt fagspesifikt arkiv, kan du som forskar ved UiB arkivere dataa dine i UiB Open Research Data, som er en del av DataverseNO. UiS har laga denne korte filmen om korleis du arkiverer dataa dine i DataverseNO.

Sensitive data kan du arkivere på NSD

Kva er metadata? 

Metadata er strukturert informasjon som beskriv, forklarer, lokaliserer, og gjer det lettare å henta og bruka ei informasjonskjelde. For å bidra til å gjera dataa dine gjenbrukbare og tilgjengelege for deg og andre i framtida, må du oppretta og arkivera nøyaktige metadata saman med dataa dine.

Døme på disiplin-spesifikke metadata finst her.*

ICPSR 101: What are Metadata (and why are they so important)?

Produsent:
ICPSR

Må eg laste opp alle forskingsdata i prosjektet? 

Ikkje nødvendigvis, du må velge ut kva data du treng å oppbevare; kva data ynskjer du å oppbevare; kva data som ikkje bør vere open tilgjengelege; kva er krava frå finansiør, Universitetet og eventuelle juridiske eller lovgivningsmessige krav.

Viss det er ingen spesifikke krav, anbefaler vi forskaren å tenke gjennom følgjande: Kva data er nødvendige for å reprodusere eller validere resultatene? Merk at dette kan inkludere kode. Kva data har potensial for gjenbruk av andre?

Digital Curation Centre (DCC) tilbyr nyttig veiledning: ‘Five steps to decide what data to keep’.

Finst det "best practices" for handtering av forskingsdata?

Følgjande komponentar er nødvendige i god handtering av forskingsdata:

Se Deposit Guide til UiB Open Research Data eller DataONE Best Practices Primer for meir informasjon.

Kva er arkivverdige format? 

Arkivverdige filformater gjer at dataa dine kan lesast av alle, også i framtida. Nokre filformater er meir sannsynleg å vera lesbare i framtida enn andre. Slike format er som regel:

  • ikkje-proprietære
  • opne, med dokumenterte internasjonale standardar
  • i bruk hos store delar av forskingsmiljøet
  • bruker standard teiknkoding, helst Unicode (for eksempel UTF-8)
  • ukomprimerte

Når du arkiverer dataa dine i eit arkiv, må du sørgja for å lasta opp filene dine i eit arkivverdig format, i tillegg til i det originale filformatet. Sørg også for at alle filene dine inneheld ei gyldig filending, t.d. .txt, .pdf. For meir informasjon om arkivverdige format, sjå her.

Kva er ein datahandteringsplan? 

Ein datahandteringsplan (DHP) beskriv kva forskingsdata du planlegg å samla inn eller generera, og korleis du planlegg å beskriva, lagra og bevara forskingsdataa i løpet av prosjektet. Vidare skal ein DHP innehalda informasjon om kven som er ansvarleg for kva, korleis du planlegg å arkivera og gjera dataa tilgjengelege, og korleis du skal lagra dataa på lang sikt.

Forskaren skal setja opp ein datahandteringsplan i ein tidleg fase av prosjektet, og helst innan seks månader etter oppstart. DHP-en skal reviderast ved behov i løpet av prosjektet. Se DMP_checklist for meir informasjon.