Home
Student Pages
bilateral

Pontifical Catholic University of Peru and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryPeru
  • TownLima
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Pontificia Universidad Católica del Peru (PUCP) ligg i Perus hovudstad Lima. Universitetet vart oppretta i 1917 og har i dag nesten 18 000 studentar. PUCP utmerkar seg spesielt innanfor fagfelta antropologi, sosiologi, økonomi, litteratur og lingvistikk, historie, filosofi, arkeologi, geografi, psykologi og juss.

Lima er ein spennande by med flott arkitektur, ei fantastisk strandlinje, fine kafear og hyggelege menneske. Det gamle sentrum av byen har storslåtte bygningar og flotte plassar som avspeglar den store betydninga byen hadde for den spanske kolonimakta. Kontrasten er stor til dei fattige bydelane der mesteparten av folket bur. Lima har 8 millionar innbyggjarar og er ein kaotisk metropol med mykje fattigdom og ein del kriminalitet.

Om sommaren er klimaet behageleg sydlandsk, med temperaturar opp mot 30 grader. Om vinteren derimot legg smogen seg over byen og det blir kjøligare med temperaturer rundt 15 grader.

Accommodation

PUCP har ingen eigne studentbustader, men dei har et kontor som bistår utanlandske studentar med å finne bustad på den private marknaden. Det vanlegaste er at studentar bur hjå peruanske familiar, men det er sjølvsagt opp til studentane sjølve å bestemme korleis dei vil bu. Nokon føretrekk å leige ei leiligheit eller eit rom i bufellesskap med andre studentar.

Semester duration

Haustsemesteret går frå midten av august til rundt 10. desember.

Vårsemesteret går frå midten av januar til byrjinga av juni.

Information