Home
Research

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Trond Mohn Stiftelse 15 år

Jørn Jacobsen

– Prosjektet gjekk ut på å utvikle eit teoretisk rammeverk for norsk strafferettsvitskap, ein disiplin som har vore tyngd av ein pragmatisk tradisjon, og dermed bringe faget inn i den internasjonale faglege diskusjonen.

Main content

Jørn Jacobsen er professor ved Det juridiske fakultet. Han mottok TMS Starting Grant frå 2009 til 2012 for forskingsprosjektet Criminal Law Theory – A New Norwegian Approach.

Kva gjekk prosjektet ut på?

– Prosjektet gjekk ut på å utvikle eit teoretisk rammeverk for norsk strafferettsvitskap, ein disiplin som har vore tyngd av ein pragmatisk tradisjon, og dermed bringe faget inn i den internasjonale faglege diskusjonen.

Fortel kort om resultata frå prosjektet og kva prosjektet har betydd for fagfeltet og/eller for samfunnet.

– Prosjektet gav høve for å gjere teoretiske avklaringar og fordjupingar som har lege til grunn for det meste eg har gjort av seinare arbeid. Arbeida har dels retta seg mot den internasjonale diskusjonen, dels mot norsk rett og den norske samfunnsdebatten. Innsikter frå prosjektet var viktige for eit større arbeid med faget som eg gjorde saman med Linda Gröning (som òg var med i prosjektet) og Erling Johannes Husabø. I år kjem eg til dømes med ei bok om valdtektsstraffebodet, som vil gå inn i den større offentlege samtalen om den tematikken. I det arbeidet trakk eg framleis på premissar som vart utvikla den gongen.

Kva betydning hadde stipendet for di videre karriere?

– Stipendet var heilt avgjerande. Etter ph.d.-arbeidet mitt følte eg at eg hadde brote inn i ein større internasjonal diskusjon som hadde eit veldig potensiale for å få forståing av faget, men at eg ikkje hadde fullt fått utvikla min eigen posisjon i det. Stipendet gjorde at eg fekk teke dette vidare steget opp på den plattformen som eg enno står på. Det har òg vore god drahjelp for eksempel i arbeid med eksternfinansiering og anna.