Home
Research

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Trond Mohn Stiftelse 15 år

Åslaug Ommundsen

– Det finst få heile bøker frå norsk mellomalder, men fleire tusen mindre bitar eller fragment. Dette viktige kjeldematerialet fortel om utviklinga av ein lokal bokproduksjon i Noreg, så vel som kontakten med lærdomssenter i Europa.

Main content

Åslaug Ommundsen er professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Ho mottok TMS Starting Grant frå 2012 til 2016 for forskingsprosjektet From Manuscript Fragments to Book History. Norway and the European Manuscript Culture 1100-1300.

Kva gjekk prosjektet ut på?

– Prosjektet utforska mellomalderens bok- og skriftkultur i Noreg, primært gjennom studium av handskriftsfragment på latin. Det finst få heile bøker frå norsk mellomalder, men fleire tusen mindre bitar eller fragment. Dette viktige kjeldematerialet fortel om utviklinga av ein lokal bokproduksjon i Noreg, så vel som kontakten med lærdomssenter i Europa.

Fortel kort om resultata frå prosjektet og korleis prosjektet har hatt betydning for fagfeltet og/eller for samfunnet.

– Restane av ca. 1200 bøker frå mellomalderen gjev eit konkret og handgripeleg bilete av mellomalderens internasjonale kontaktnett og kva for bøker som fann vegen nordover frå lærdomssenter i andre delar av Europa, med stader i England og Frankrike som viktige kontaktpunkt i dei første hundreåra. Lokal bokproduksjon utvikla seg under påverknad av personar og førebilete utanfrå, med betydeleg variasjon og rom for personleg eigenart. Kjeldematerialet indikerer at norske skrivarar generelt har arbeidd i mindre, ueinsarta grupper eller skriptorium. Prosjektet har gjeve eit klarare bilete av korleis me best mogleg kan bruke fragment frå mellomalderhandskrifter som kjeldemateriale.

– Prosjektgruppa har vore ein viktig aktør innanfor internasjonale fragmentstudium og har arbeidd for å gjere dei norske fragmenta kjende og tilgjengelege utanfor landets grenser, blant anna gjennom eksperimentering med digital rekonstruksjon av mellomalderhandskrifter (sjå til dømes www.fragment.uib.no). Bokfragmenta frå mellomalderen er kjelder til ein avgjerande fase i vår kulturelle historie, og gjennom digitalisering, tilgjengeleggjering og ny kunnskap har prosjektet medverka til å få auka fokus på denne viktige delen av vår felles kulturarv.

Kva betydning hadde stipendet for di vidare karriere?

– TMS-stipendet har hatt mykje å seie for mi utvikling som forskar og prosjektleiar, og har i høg grad medverka til å styrke det internasjonale kontaktnettet. Stipendet var også direkte årsak til at eg blei tilsett i mi noverande stilling som professor i mellomalderlatin ved Universitetet i Bergen.