Home
Department of Earth Science

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny publikasjon

Opptil 6000 år gamle piler har smelta ut av ei isfonn i Jotunheimen

Main content

Under arkeologiske undersøkingar ved Langfonne, ei isfonn som ligg på Kvitingskjølen i Jotunheimen, er det gjort funn av 68 piler som har vore nytta til reinsdyrjakt i tidlegare tider. Dei eldste pilene er daterte til å vere om lag 6000 år gamle. 
Langfonne ligg i Kvitingskjølen-massivet i den nordaustlege delen av Jotunheimen. Fonna ligg mellom 1740 og 2030 moh., i eit område med permafrost i bakken, som for det meste er dekka blokkrik bunnmorene. Storleiken av desse fonnene er hovudsakleg styrt av vinternedbør i form av snø, sommartemperatur og mengda vindtransportert snø i vinterhalvåret. Tregrensa i området er i dag rundt 1000 moh. og vegetasjonen rundt fonna er dominert av mose, lav, gras og urter. På midten av 1700-talet, under fonna si største utbreiing under ’den vesle istida’, dekka isfonna eit areal på om lag 2,5 kvadratkilometer. I dag er Langfonna delt i tre delar, og fonna og ein lavfri sone rundt fonna utgjer eit areal på om lag 0,8 kvadratkilometer. 

Det arkeologiske feltarbeidet på Langfonne starta etter at den lokale fjellmannen Reidar Marstein hausten 2006 fann ein skinnesko som nyleg hadde smelta ut av fonna. Skoen vart datert til å vere ca. 3300 år gamal. Dei varme somrane i 2014 og 2016 førte til utsmelting av ei stor mengde gjenstandar knytt til reinsdyrjakt, særleg piler, i tillegg til bein, gevir og kranium etter reinsdyr. Forskargruppa som har vore involvert i undersøkingane ved Langfonne publiserte nyleg funna i ein artikkel i tidsskriftet The Holocene. 

Isbrearkeologi eller isfonnarkeologi er eit relativt nytt forskingsfelt innan arkeologifaget. Klimaendringane rundt om i verda dei siste tiåra har ført til at brear og isfonner har minka og resultert i at gjenstandar har smelta ut av iskapper og isfonner, spesielt i Alpane, Asia, Arktisk Canada og i Noreg. Jotunheimen er det mest funnrike av alle områda som har vore undersøkte så langt.

På grunn av at dei høgastliggande isfonnene der det er gjort funn av arkeologiske gjenstandar ligg i område med permafrost, er fonnene frosne fast til underlaget. Dette gjer at gjenstandar som hamnar inne i isen ikkje vert øydelagde, slik som dei hadde blitt i ein temperert bre som glir på underlaget. Georadarundersøkingar på nokre av dei undersøkte isfonnene syner at isen inne i desse fonnene kan bli noko deformert og utsett for langsam indre rørsle, men utan at gjenstandane inne i, eller under isen, vert øydelagde. Etter at desse gjenstandane har smelta ut av fonnene, byrjar dei å gå i oppløysing etter få år. Det er derfor viktig at desse unike gjenstandande vert registrerte, samla inn, daterte og konserverte før dei vert øydelagde. Slike isfonner og områda rundt er dermed både eit arkeologisk og eit klimatisk arkiv.