Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny student

Velkommen som ny student på Det humanistiske fakultet!

Her finn du informasjon om campus, studentmiljø og kva som skjer hos oss i studiestarten for deg som skal starte på Det humanistiske fakultet.

Studenter i Borggården på Sydnehaugen skole
Velkommen som ny student på UiB!
Photo:
Thor Brødreskift

Main content

Ny masterstudent? Finn meir info på egen nettside.

Velkommen til campus 

Vi gler oss til å sjå deg på campus, og vi håpar du vil trivast og bruke mykje tid på Høyden dei neste åra. På HF kjem du til å ha mykje av undervisninga di på Sydneshaugen skole og HF-bygget. Du kjem raskt til å bli kjent med området på Høyden.

Bibliotek for humaniora er òg ein viktig stad for deg som HF-student. Det ligg på Haakon Sheteligs plass 7.  

Du kan bruke Mazemap gjennom studietida, då blir det enklare å finne fram.

Mentoren din kjem til å ta deg med på ei omvising til de viktigaste bygga. 

Studenter i Borggården på Sydnehaugen skole
Photo:
Eivind Senneset

Kva skjer når du kjem hit? 

Studiestart er måndag 10. august. Det er heilt normalt å vere litt spent før første dag, og dei aller fleste er nye og i same situasjon som deg.

Første du gjer er å møte på velkomstmøte med instituttet ditt saman med andre nye studentar på same institutt. Deretter vil du møte mentoren og mentorgruppa di. Saman går dykk til UiB sin velkomstseremoni. Etter seremonien blir det opplegg i mentorgruppene fram til kl 13:30.

På ettermiddag og kveld kan dei som ønskjer å vere med på fadderordninga bli med fadrane sine på eige opplegg.  

Har du gløymt å melde deg på mentor- eller fadderordninga kan du sende ein e-post til studierettleiar@hf.uib.no eller besøke Infosenteret ved HF som ligg på Sydneshaugen skole. 

Resten av veka blir det mentorordning, fadderaktivitetar, møte med studieprogramma og fleire andre arrangement som vil førebu deg til eit spennande semester.

Fredagen inviterer fakultetet på mat og leik i Borggården på Sydneshaugen skole for å ønskje velkommen. Vi gler oss til du kjem! 

Program for heile veka finn du her

Bli kjent med studentmiljøet! 

Å ta del i studentmiljøet og vere ein aktiv student gir deg spennande erfaringar og nye venner på tvers av kull og studieretningar. Det finst mange måtar å engasjere seg på.

Du kan til dømes

  • bli tillitsvalt for studieprogrammet ditt
  • representere studentane i råd og utval som tar viktige avgjerder
  • bli med i ein av studentforeiningane under Humanistisk studentutval(HSU). 

HSU består av fleire grupper, mellom anna ei teatergruppe, ein studentdriven bar, og fagutval på studieprogramma. I eit fagutval jobbar du saman med andre frå ditt studieprogram for å tilby faglege og sosiale arrangement som er spennande og aktuelt for akkurat ditt studieprogram. Du vil i løpet av velkomstveka møte HSU og fagutvalet på ditt studieprogram.  

Torsdagen etter velkomstveka vil det vere Borggårdsdag på Sydneshaugen skole der du kan møte ulike studentorganisasjonar frå både HF og Bergen.  

Du kan lese meir om studentorganisasjonar på HF her.

Studenter som sitter på en trapp og snakker sammen. De er glade.
Photo:
Eivind Senneset

Få godkjent tidlegare utdanning du har tatt

Har du studert før og ønskjer å bruke emne i graden din, kan du søke å å få dei godkjende. Dette gjeld både emne fra UiB og frå andre studiestader, både i Noreg eller utlandet.
Du kan lese meir om godkjenning av utdanning her. 

Har du tatt ex.phil. før? Da treng du ikkje ta det igjen, med mindre du har veldig lyst! 
Les meir om ex-phil. her. 

Kort om Det humanistiske fakultetet 

Det humanistiske fakultetet (HF) består av fire institutt og to senter. I tillegg har vi to sentre for framifrå forsking!  

I ei verd med store endringar er det viktig og nødvendig med humanistisk kunnskap for å forstå betydninga av identitet, kultur, etikk og språk i møte med kvarandre og i møte med teknologi. Vi treng kunnskap om fortida for å kunne forstå notida. Bredda i programma ved HF skal forberede deg som student på eit arbeidsliv der ein treng humanistisk og tverrfagleg kompetanse. Utdanninga skal gi deg fagleg kunnskap basert på refleksjon og innsikt, og gjere deg digitalt kompetent og førebudd til å spele ei aktiv rolle i samfunns- og arbeidsliv. 

For meir informasjon om studiestart og studentlivet, sjå Ny student: Dette bør du gjere før du startar ved UiB og praktisk infomasjon om livet som student. Du kan lese meir om studentmiljøet ved HF her.