Årets studietur - Departementsmasteren
Før påske var "Departementsmasteren" på studietur til Brussel!
Main content
Årets studietur til Brussel var med det tredje kullet studentar som har tatt emnet om gjenstridige problem på "Departementsmasteren". Det var til saman 36 studentar, som hadde to fulle seminardagar ved UiB sitt Brusselkontor og på Noregs hus i Brussel.
Den første dagen starta med undervisning ved UiB sitt Brusselkontor, og førelesningar om fleirnivåstyring ved Arild Farsund (GOV) og om KI ved Regine Paul (GOV). Etter lunsj gjekk gruppa med studentar vidare til Noregs hus (Noregs delegasjon til EU), der dei fekk høyre tre innlegg:
1. Boligkrise i Europa. Olav Mydland, Spesialutsending for kommunale og regionale saker, Norges delegasjon til EU
2. Helseberedskap. Anne Camilla Hilton, Spesialutsending for Helse (helseberedskap, legemidler og digitalisering)
3. ESA's role, mandate and procedures, and practical examples. Kyrre Isaksen, Legal Adviser, Legal and Executive Affairs, EFTA Sturveillance Authority (ESA)
Deretter deltok studentane i ein mottakelse med ambassaden, der det også va invitert gjester frå det norske miljøet i Brussel. Gjestane kom frå EFTA-systemet, Noregs delegasjon til EU, nasjonale ekspertar i kommisjonen og øvrige nordmenn i Brussel. Mottakelsen varte eit par timar med spennande møter og samtalar mellom kollegaer “på tvers av styringsnivå” som også var det faglege temaet for denne samlinga I Brussel. Kvelden vart avsluttet med felles middag i gamlebyen I Brussel.
Dag to starta tidleg med førelesingar ved UIB sitt Brusselkontor ved Arild Farsund, Lise Rykkja, Jill M. Loga, samt to gjester: Jarle Trondal (UIA) og George Riekeles fra European Policy Centre.



