Home
Student Pages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Studiekvalitet

Sørviserklæringa om informasjon

Main content

uib.no gir ein samla presentasjon av studieinformasjon og praktiske forhold knytt til studiet. Mitt UiB er ei personleg side med samla tilgang til relevante faglege og administrative ressursar, inkludert innlevering av oppgåver m.m. Dei fleste studia kan ikkje gjennomførast utan tilgang til og regelmessig bruk av Mitt UiB. For å få tilgang til Mitt UiB, og å kunne ta i mot fagleg eller administrativt relatert e-post frå universitetet, må du ha brukarkonto ved UiB.

Universitetets plikter og ansvar når det gjeld informasjon:

• Ha relevant og oppdatert informasjon på uib.no og Mitt UiB
• Bruke Mitt UiB til formidling av meldingar knytt til fag/emne
• Tilby internettilknytning for studentane via universitetet sin servar

Universitetet forventar at du som student:

• Opprettar studentkonto ved UiB
• Les student-e-post frå UiB ofte og regelmessig
• Gjer deg kjent med innhaldet på uib.no
• Loggar deg på Mitt UiB ofte og med jamne mellomrom