Home
Faculty of Psychology
Lærarutdanning

PPU i engelsk og historie

Læraryrket har blitt meir aktuelt for Ingrid etter sju veker med praksis i vidaregåande skule, men ho ser òg det ho lærer i PPU-studiet som overførbart til einkvar arbeidsplass der god kommunikasjon og gode relasjonar er viktig.

Main content

Eg valde å ta PPU fordi det gir meg fleire moglegheiter når eg skal ut i arbeidslivet etter ferdig utdanning.

Korleis er ein typisk dag som student på praktisk-pedagogisk utdanning?

Ein typisk dag i starten av semesteret består som regel av ei eller to forelesingar, etterfulgt av seminar eller lesing. I løpet av ei veke har vi rundt fem forelesingar og to seminar, noko som gir tid til lesing og arbeid i kollokviegrupper. Praksisperioden går over sju veker, og startar etter nokre veker med førebuande teori og forelesingar. Ein vanleg dag i praksis kan vere hektisk, og det går ofte ein del tid med til førebuing av undervising og til å lese seg opp på det ein skal undervise i. Sjølv om det kan vere travelt til tider er vekene i praksis dei mest lærerike og spanande. Ein lærer seg sjølv å kjenne i ei ny setting, ein får tid til å bli kjent med elevane, og får eit innblikk i korleis lærarkvardagen kan sjå ut.

Kva likar du best ved studenttilværet?

Det beste med studenttilværet må vere fleksibiliteten – det å ha moglegheit til å legge opp dagen slik ein vil. I tillegg er det sosialt, og ein blir stadig kjend med nye folk.

Kvifor valde du dette studiet?

Eg valde å ta PPU fordi det gir meg fleire moglegheiter når eg skal ut i arbeidslivet etter ferdig utdanning. Eg trur PPU er nyttig å ha med seg i bagasjen uansett kva ein vel å gjere etterpå. Mykje av teorien er overførbar til kvar ein arbeidsplass der ein samarbeider med andre, og der ein er avhengig av eit godt arbeidsmiljø, god kommunikasjon og gode relasjonar. Ein lærer òg å planlegge, gjennomføre og vurdere eige arbeid med eit kritisk og konstruktivt blikk. For min del var praksisdelen av utdanninga heilt avgjerande for at eg valde dette studiet, fordi det gir ein unik moglegheit til å prøve ut og få kjennskap til læraryrket. Erfaringane frå praksis gir ein tryggleik og ei innsikt som er fin å ha med seg inn i sin første jobb, samstundes som den teoretiske delen gir grunnlag for å forstå sin eigen praksis på fleire måtar.

Kva tips har du til framtidige studentar?

Finn ein måte å jobbe på og ein struktur som passar for deg, og ikkje tenk så mykje på korleis andre vel å gjere det. Folk er forskjellige og har ulike måtar å jobbe på. Dann kollokviegrupper der du får diskutere og reflektere over pensum saman med andre i løpet av semesteret. Det er òg ein fin måte å unngå skippertak før eksamen på. Hugs å ta skikkelege pausar der du får kopla av frå pensum. Det gjer det lettare å kople på igjen seinare, i tillegg til at studietida skal bestå av meir enn å sitte på lesesalen heile dagen.

Kva er PPU for deg?

For meg er PPU hovudsakleg ein moglegheit til å få prøvd meg som lærar, og for å finne ut om dette kan vere eit yrke for meg. Eg har lenge tenkt at dette kan vere ein veg å gå, men hadde ingen erfaring med undervisning før eg tok til på PPU. Etter eit halvt år på PPU og sju lærerike veker i praksis i vidaregåande skule ser eg på læraryrket som endå meir aktuelt enn det eg gjorde tidlegare. Kombinasjonen av teori og praksis gjer deg betre rusta til å møte ein kvardag i arbeidslivet, anten det er som lærar eller som noko heilt anna.