Home
Faculty of Medicine
Tannlege-studiet

Tilfeldigheiter gjorde at Anders Røsland endte opp som tannlege

Sjukehuslege var det Anders Røsland drøymde om å bli, men tilfeldigheitene ville det annleis. No er han ferdig utdanna tannlege og glad han valte å gi odontologi ein sjans.

Main content

Ein tannlege jobbar med menneske, ikkje berre tenner.

Anders hadde gode karakterar frå vidaregåande, men akkurat ikkje nok poeng til å kome inn på førstevalet: Medisinstudiet.

– Eg byrja på odontologi med ein plan om å sanke alderspoeng og søke medisinstudiet på nytt året etter. Ei «teaser-førelesning» for oss på førsteåret opna augo mine for kor allsidig og spanande odontologistudiet er. Det er ikkje berre boring, men så utruleg mykje meir. Så eg blei verande og har aldri vurdert å byte studie.

I dag jobbar Anders som instruktørtannlege på Institutt for klinisk odontologi (IKO), i privat tannlegepraksis i Bergen sentrum og på Bømlo og har nyleg byrja på forskarutdanning som doktorgradsstipendiat på UiB.  

Unik kombo av teori og praksis

– Det beste med å vera tannlege er den heilt unike kombinasjonen av teori og praksis. Det krev ein enorm konsentrasjon og presisjon å utføre avanserte prosedyrar i munnhola til pasientar, og det er heilt avgjerande å ha ei solid teoretisk forståing i botn for å kunne omsetje dette i praksis.

På tannlegestudiet lærer ein korleis behandle og førebyggje sjukdom i tenner og munnhole, om dei forskjellige eigenskapane til materiala ein brukar og ein øver på kirurgiske prosedyrar - først på tannmodellar og simuleringsdokker, deretter på pasientar i tannklinikken.

Behandlar menneske i ulike livssituasjonar

Ein tannlege jobbar med menneske, ikkje berre tenner, presiserer Anders.

– Eg behandlar menneske i ulike livssituasjonar: Friske pasientar, sjuke, born, ungdom og vaksne – og alle har ulike behov. Det er fint å kunne gjere store forandringar på kort tid – som for eksempel å reparere ei knekt framtann på ei times tid!

Fenomenalt studiemiljø

Studentar på odontologi- og tannpleiestudiet har det meste at undervisinga si på «Odontologen».

– Det er mykje obligatorisk undervising på studiet, og då er det kjekt at fasilitetane og utstyret er topp moderne. Med så mykje tid saman i løpet av studieveka blir kullet godt samansveisa, og det er heilt klart ein fordel når det står på som verst med eksamenar og innleveringar.

Studietida på Odontologen har gitt Anders vener for livet.

– Studiemiljøet på odontologi er heilt fenomenalt! Mange grupper eller «styrer» sørger for sosiale happenings heile året. Det blir arrangert idrettsdagar, kulturkveldar, ost- og vinkveldar, faste aktivitetar i regi av idrettsstyret, rebusløp, haustball og også samarbeidsarrangement internasjonalt med andre universitet som odontologiske leikar. 

Tannlegestudent i København for eit semester

Anders fekk også erfart korleis det er å studere odontologi ved eit anna universitet. På siste studieåret reiste han til Danmark og tok eit semester av studiet ved Københavns universitet.

– Det gjekk veldig fint! Eg vart tatt godt imot og vart raskt ein del av klassen. København er ein kjempespanande by, og i likskap med Bergen er studentmiljøet veldig aktivt – ei utelukkande positiv oppleving.

Aldri utlært

I 2017 var Anders er ferdigutdanna tannlege og gjekk rett ut i jobb. Men då moglegheita meldte seg for å halde fram med ei ph.d.-utdanning innan eit fagfelt han brenn for, kunne han ikkje seie nei. 

– I prosjektet mitt, som er eit samarbeid mellom IKO og Klinisk institutt 2 (K2), får eg fordjupe meg i ein del av faget som eg har ei særleg interesse for: Tannkjøtsjukdomar, eller periodonti som det heiter på fagspråket. Eg vil finne ut om lungefriske pasientar med ein mild til moderat form for tannkjøttsbetennelse får betre lungefunksjon ved at me behandlar tannkjøttsjukdomen.

Forskingsgruppa Anders er med i er tverrfagleg og han får jobbe med forskarar frå andre fagfelt og frå andre deler av verda.

– Å få input frå andre fagområde gjer at eg tenkjer annleis, og eg får eit nettverk på tvers av fagfelt og landegrenser.

Draumen om å bli sjukehuslege er bytt ut med draumen om få å halde fram med ei utdanning innan odontologi, og om å bli tannlegespesialist med ein fot i klinikken og ein fot i forskinga for Anders. Fagfeltet odontologi er breiare enn ein kanskje først skulle tru, med karrieremoglegheiter også utover det å jobbe som tannlege, noko Anders er et godt eksempel på.