Kommunikasjon for forskarar
Ved fakultetet kan du enten få hjelp av våre kommunikasjonsmedarbeidarar, eller ved kommunikasjonsavdelinga sentralt (KA). Her finn du nokre nyttige verkty på vegen.
Main content
Når forskere deler innsikt i media, styrker vi den offentlige samtalen med fakta og faglig tyngde. Det gir et bedre grunnlag for kloke beslutninger i samfunnet. Som universitet har vi et ansvar for å bidra med forskning der den trengs – også utenfor campus. Derfor ønsker vi å gjøre våre fagmiljøer enda mer synlige, tydelige og tilgjengelige
Bli en god formidlar - tips, triks og ressursar:
Vil du i media?
Sjekkliste for mogleg mediesak
Denne sjekklista ser vi gjerne at du brukar om du ønsker mediaomtale. Fyll ut lista og send til enten marion.solheim@uib.no, Paul.Sommerfeldt@uib.no eller ingrid.hagerup@uib.no. Så kan dei eventuelt tipse redaksjonar eller gje deg hjelp med dette.
- Kort samandrag
Her skildrar du kort kva saka handlar om. Fire – fem linjer i enkelt, allment språk
- Kva betyr saka for folk?
Har saka konkrete konsekvensar for einkvan? I så fall, kva er desse?
- Har saka eit nyheitspoeng?
Er det ny forsking? Ny teknologi? Er det noko gjort for første gang i Noreg? Gjeld det ei stor pasientgruppe? Er det store summar involvert? Gjeld det mange tilsette?
- Finst det gode tal?
Gjeld saka nye tal, nye funn eller fersk statistikk?
- Er saka aktuell?
Kan saka knytast opp mot noko som er i nyheitsbildet no? Eller mot noko som snart skjer? Døme: influensa om hausten, ernæring i januar, solskader om sommaren.
- Er det mogleg å få ein case til å stille opp?
Media er svært interessert i historier om enkeltmenneske. Har du ein pasient som kan stille opp aukar det sjansen for at media er interessert og lager sak.
- Kven ønsker du å nå?
Er saka relevant for alle i Noreg? For dei som bur i vår region? Eller er dette retta mot helsepersonell/helsepolitikarar/småbarnsforeldre? Eller nokon heilt andre
- Kven kan uttale seg i saka?
Tenk over og sikre at du har nokon som kan uttale seg på ein god og forståeleg måte. Tenk over kva tittel som passar i denne saka, er det som UiB-tilsett, Helse Bergen eller kanskje anna?
- Kva media trur du passar?
Nasjonalt? Lokalt? Internasjonalt? Fagtidsskrift? Fjernsyn? Avis? Radio? Sosiale media?
- Er saka visuell?
Er det noko konkret å ta bilde av? Passar saka for tv? Gode bildemoglegheiter aukar sjansen for gjennomslag.
Har du ein kronikk i magen?
Ti tips for å skrive ein god kronikk:
1. Spiss bodskapen din
Ein kronikk bør ha éin klar idé og eitt bodskap.
2. Start med ein sterk og fengjande opning (anslag)
Starten skal få folk til å ha lyst å lese vidare, og den bør gripe lesaren: ein kontrast, eit døme, eit personleg blikk eller eit overraskande faktum. Gå rett på sak.
3. Ha ein logisk struktur
Bygg kronikken som ein argumentasjon:
- Problemstilling
- Hovudargument
- Underbygging
- Motargument og svar på dei
- Avslutting
4. Bruk konkrete eksempel
Eigne erfaringar, ferske døme eller tydelige situasjonar gjer kronikken levande og truverdig.
5. Skriv presist og aktivt
Unngå lange, uklare setningar. Bruk konkrete ord, sterke verb og korte avsnitt.
6. Underbygg med fakta – men ikkje for mykje
Gode kronikkar kombinerer personleg stemme og fagleg tyngde. Bruk tal, rapportar eller forsking berre når det styrkar bodskapen din.
7. Ta høgde for motargument
Vis at du forstår kva andre meiner – og forklar kvifor du meiner dei tek feil eller manglar perspektiv.
8. Ha ein tydeleg stemme
Kronikkar skal vere personlege. Skriv med engasjement og eige perspektiv, utan å bli privat eller melodramatisk.
9. Avslutt med kraft
Slutten bør kople saman bodskapen og gi lesaren noko å tenkje på: ei oppmoding, eit blikk framover eller ei utfordring.
10. Les høgt og rediger
Stram inn. Fjern gjentakingar, unødige ord og svake formuleringar. Ei skikkeleg bearbeiding gjer stor forskjell.
Jobbar du med web?
Her er mykje nyttig informasjon, som retningsliner og brukarstøtte for deg som skriv innhald på uib.no.
Gode råd for forskarar på sosiale medium
Sosiale medium kan vere ein effektiv kanal for å dele forsking, vise relevans for samfunnet og nå nye målgrupper. Her er nokre enkle råd som kan hjelpe deg i gang.
Finn di nisje
Sosiale media har potensiale til å nå ut til eit stort publikum, men det er beinhard konkurranse om merksemda og krever stor innsats.
Tenk gjennom kven du ønskjer å nå, og kva dei kan ha interesse av. Det kan vere folk flest, pasientar, helsepersonell, studentar eller andre. Lag innhald som er nyttig, relevant og forståeleg for akkurat denne målgruppa.
Bruk bilete og video
Det visuelle er ekstremt viktig når det kjem til sosiale medium. Bruk mobilkameraet flittig, og varier bileta. Ei rein biletrekkje av folk på talarstolen er ikkje veldig spennande: Sats heller på bilete av folk som snakkar engasjert i pausa, bilete frå laben, feltarbeid, glimt frå kvardagen som forskar.
Skriv spennande
Det gjeld å fange merksemda til publikummet. Gå rett på sak og rett til det viktigaste og mest engasjerande. Lange innleiingar og tunge faguttrykk får folk til å scrolle vidare. Skriv heller kort, munnleg, bruk luft i tekstane og ikkje ver redd for ein emoji eller to. Og tagg gjerne andre relevante aktørar for å auke rekkevidda. Ikkje minst, tagg Det medisinske fakultet!
Dette eignar seg stort sett godt for deling:
- forsking som bidreg til å løyse viktige helse- og samfunnsproblem
- glimt frå forskarkvardagen
- tema innan helse forklart på ein forståeleg måte
- arrangement med brei samfunnsinteresse
Mindre eigna for deling:
- intern informasjon (men ikkje vær redd for å være personleg, det engasjerer folk!)
- smale faglege arrangement utan stor interesse for målgruppa
Engasjer deg aktivt!
Dei som lukkast best på sosiale medium er dei som ikkje berre delar sine eigne saker og ting, men som aktivt engasjerer seg i andre sitt innhald. Kommenter gjerne på andre sine postar, del andre sitt innhald om det er noko spennande og relevant. Sist, men ikkje minst - svar på (saklege) kommentarar på eigne postar.
Kontinuitet er viktig om du vil nå gjennom. Post innhald fleire gonger i veka, og besøk plattformen dagleg for å interagere med andre sitt innhald.
Prøv deg fram
Det er mange kanalar i sosiale media-verda, med ulike hovudmålgrupper. Prøv deg fram med format og tema og sjå kva som treff. Er det spennande faglege forklaringar, bilete, humor, videosnuttar eller andre ting? Bruk gjerne KI som sparringspartnar; her kan du få idear i fleng, forslag til tekst og mykje anna. Men viktig: kvalitetssjekk alt før publisering.
Sjekk råda som kjem frå Digitaliseringsdirektoratet.
Bildearkiv og fototenester
I UiB sitt bildearkiv kan du finne mykje visuelt gull. Men husk å alltid kreditere!
Video og podcast
UiB Læringslab har ressursar tilgjengeleg om du vil lage video eller podcast.
Les meir her: Vi hjelper deg å produsere video og podcast | UiB læringslab | UiB
UiB sin grafiske profil
Den grafiske profilen skal gjere til at UiB har eit heilskapleg visuelt utrrykk som éin organisasjon når vi kommuniserar med omverda. Her finn du profilmanualen til UiB, samt informasjon om til dømes rammeavtaler med fotografar og trykkeri.
Treng du ei kommunikasjonsplan?
Mål, målgrupper, bodskap og kanalar. Ei god kommunikasjonsplan gjer det enklare å ha orden i kommunikasjonsarbeidet. Her finn du mellom anna nedlastbar mal, samt informasjon om arrangement og støtte til dette.
Kommunikasjonsplan (mal) og planlegging av arrangementer | For ansatte | UiB
Doktorgradspressemeldingar
Her finn du informasjon og tips til korleis ei god doktorgradspressemelding skal sjå ut.
Trengs det eit kurs?
Både KA og kommunikasjonsgjengen på MED tilbyr kurs i mediatrening, presentasjonsteknikk og meir. Ta kontakt med Marion Solheim om de treng eit kurs eller har spørsmål.
Sjekk også ut KA si side: Forskningsformidling i media: Kurs og tips | For ansatte | UiB
Ressursbibliotek
Kva er Forskingsrådet sine krav til formidling? Kva seier Universitets- og Høgskolerådet? Her har du eit lite ressursbibliotek om du vil fordjupe deg.
- UiB sine tips om forskingskommunikasjon: Forskningskommunikasjon | Støtte til eksternfinansierte prosjekter (BOA) | UiB
- Forskningsrådet om utdadretta kommunikasjon: Forskningskommunikasjon
- Journal of Science Communication
- Public Understanding of Science: Sage Journals
Kven er vi:
- Les om oss her: For media
- KA sentralt: Spør oss om hjelp til å nå ut med forskningen din | For ansatte | UiB