Home
Student Pages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Sørviserklæringa om det første semesteret

Main content

Det første semesteret ved universitetet er lagt opp slik at du skal få ein fagleg, praktisk og sosial start på studietida. Fagleg, fordi examen philosophicum (ex.phil) og forprøver er innføringar i grunntankane innan dei ulike studia. Praktisk, fordi du får innføringar i studiekvardagen og bruk av universitetsbiblioteket. Sosialt, fordi mye av undervisninga føregår i mindre grupper, der du får høve til å bli kjent med andre studentar.

Universitetets plikter og ansvar når det gjeld førstesemesteret er å:

  • Ha eit heilskapleg og integrert opplegg for førstesemesterstudia som gir eit godt fagleg utbyte
  • Ha eit studieopplegg som fremjar utviklinga av gode studievanar og arbeidsformer, og som gjer overgangen frå vidaregåande skule lettare
  • Gi relevant informasjon om ex.phil, dei fakultetsspesifikke forprøvene og andre obligatoriske og tilrådde innføringsemne
  • Tilby alle som melder seg innan fristen plass på seminargrupper på ex.phil.
  • Opplyse om reglar for fusk, plagiat og uærlegdom samt konsekvensar og sanksjonar ved brot på desse reglane. Informere om god kjeldebruk/litteraturtilvisning ved UiB
  • Ha lett tilgjengelege tenester når du skal melde deg på ex.phil, andre forprøver og emne og gruppeundervisning
  • Framstå med god og vennleg sørvis frå universitetet sin stab

Universitetet forventar at du som student:

  • Les all tilsendt informasjon til nye studentar, og held deg oppdatert gjennom uib.no, Mitt UiB og student-e-posten din
  • Følgjer undervisninga og held deg orientert om fristar for innleveringar
  • Rettar deg etter reglane for fusk, plagiat og uærlegdom og ha respekt for andre sin produksjon

Universitetet tilrår at du som student:

  • Tar ex.phil parallelt med ei forprøve eller andre innføringsemne første semester, slik det er lagt opp til frå universitetet si side
  • Tar kontakt med studierettleiar dersom du alt har tatt ex.phil, ei forprøve eller obligatoriske kurs
  • Tar i mot og nyttar tilbod som blir gitt om innføring i studieteknikk, kjeldebruk, bruk av bibliotek etc. 
  • Møter opp til første førelesing eller orienteringsmøte til emne du er oppmeldt til for å sikre deg plass på emnet og for å få nødvendig informasjon
  • Følgjer seminartilboda der det er mogeleg
  • Gjer deg kjend med Sammen Råd og Karriere sine tenester