Biologi
Litteratur- og informasjonsressurser innen biologi
Hovedinnhold
Biblioteket tilbyr trykte og elektroniske bøker, tidsskrift, oppslagsverk og databasar innan biofag. Søk i vårt system Oria (den blå boksen over) etter bøker vi eig eller abonnerer på.
Sjekk karusellen nedst på sida for nye titlar! Klikk på bokforside for å finne boka på hylle eller reservere.
Pensum - trykt eller elektronisk?
Pensumbøker finn du enklast frå Mitt UiB ved å klikke på Digitale Pensumlister for dine kurs. Der det er mogeleg, gjer vi pensum tilgjengelig elektronisk, som e-bøker, tidsskriftsartiklar eller kapittel. Desse skal vere klikkbare frå den digitale pensumlista, så lenge du er kopla til universitetet sitt nettverk. Ikkje alt er tilgjengeleg elektronisk, og trykte bøker finn du i ei eiga pensumsamling, hylla lengst sør i lokalet (mot springvatnet). Desse kan du ikkje låne, men ofte har vi fleire eksemplar, som vil ha same oppstillingskode i hovedsamlinga vår. Ta kontakt om vi manglar pensumbøker i fag du tar!
Biologiske ordbøker og oppslagsverk. Artskunnskap
Sjekk korleis ekspertar definerer eller kort oppsummerar biologiske begrep og fenomen i eitt av våre elektroniske oppslagsverk! Midt i blinken for oppgåveskriving. Eit raskt utval finn du i karusellen under (klikk på forside). For fleire verk som dekker biologi, genetikk, økologi, åtferd, plantebiologi, spesielle habitat, dyre- eller plantegrupper, vern og miljøendringar, prøv eitt av desse: Oxford Reference Collection, Springer Link - Life sciences, Grzimek’s Animal Life Encyclopedia (Amfibiar, Fugl og Fiskar) eller The ProkaryotesTrykte verk står i referansesamlinga vår (spør i skranken).
--- Ei liste over artskunnskaps- og taksonomiressursar finn du her ---
Bøker og E-bøker
Du finn våre trykte og elektroniske bøker ved søk i den blå boksen over (Oria). Får du mange treff, kan feltet til høgre foreslå avgrensingar. Du kan effektivisere søket i Oria med våre standardiserte emneord; Realfagstermar.
Logg inn i Oria for å sjekke tilgangen til trykte bøker, og kva hylle boka står på. Bøkene er tematisk ordna på hyllene etter Dewey-systemet (koden som står etter "UBBRB"). Vi har laga ei liste over særlig relevante deweykodar her. For ebøker, sjekk her korleis nå eller bruke e-bøker, eller spør i skranken.
Utlånte bøker kan du reservere, eller du kan bla etter alternativ på den virtuelle hylla vår - den finn du nedst på sida med den valgte boka. Vil du kikke på hylla i biblioteket, hjelper vi deg gjerne å finne hyllene som er mest relevante for deg.
Om du ikkje finn boka du ser etter ved Universitetsbiblioteket i Bergen, kan du endre innstilling i nedfellsmenyen til Alle Norske fagbibliotek eller Søk i alle kjelder (til venstre for søkefeltet). Dei fleste bøker kan vi bestille, og få tilsendt for deg - dette er gratis.
Biologiske bøker på hyllene: Dewey
Eksempel på kvar du finner bøker om ulike emne. Klikk på lenkene for litteraturforslag
333.95 Biodiversitet
363.73 Forureining
508 Naturhistorie
571 Fysiologi
571.9 Sykdommer, toksikologi - inkl fiskesjukdomar
572.8 Molekylærbiologi, molekylær genetikk
573 Anatomi, organsystem, histologi - Inkl. sjukdomar bestemte system
576.5 Genetikk, arvelegheit
576.8 Evolusjon
577 Økologi - Inkl humanøkologi (577.27),
bestemte habitat (skog 577.3, vatn 577.6, hav 577.7)
578.012 Systematikk, taksonomi -
Sjå 578.014 for taksonomisk nomenklatur
579.2 Virus
579.3 Bakterier
579.5 Sopp - Sjå 579.6 for hattsoppar
579.7 Lavar (Lichenes)
579.8 Algar
592-595 Virvellause dyr
597-599 Virveldyr
639.1 Jakt
639.2 Fiske - Ink. kval- og selfangst.
Sjå 639.5 for krepsdyrfiske
639.3 Fiskeoppdrett (sjå 639.8 for akvakultur,
639.4 oppdrett av blautdyr,
639.6 oppdrett av krepsdyr)
639.9 Naturvern
Vitskaplege artiklar
Saman med bøker, rapportar o.l. kan du i Oria finne vitskaplege artiklar. Som default viser lista treff du har tilgang til, online eller trykt i biblioteket. For å inkludere materiale vi ikkje har umiddelbar tilgang til kan du endre nedfellsmenyen til venstre for søkefeltet frå Universitetsbiblioteket i Bergen til Søk i alle kjelder. Du kan så bestille utskrift av desse artiklane frå andre norske bibliotek (gratis).
Gå direkte til fagspesifikke databasar for grundige søk og funksjonalitet som manglar i Oria og Google Scholar. Nokre av databasane er tilgjengelege gratis, men våre lenker sikrar 'bonustenester' forbeholdt UiB-brukarar. Forlagsdatabasar (t.d. BioOne) kan og brukast, men desse viser berre resultat fra eitt eller et par forlag.
Abstraktdatabasar (søk på tvers av forlag)
Web of Science
ASFA - Aquatic Sciences and Fisheries Abstracts
JSTOR
Biosis Previews
PubMed (Medline)
Zoological Record
Tidsskriftsavtalar
Du kan finne informasjon om UiBs open-access publiseringsavtaler her.
Populærvitskap, hage, sportsfiske og kjæledyr
På biblioteket har vi også stort utvalg av populærvitskaplege bøker for ein kvar som ønskjer å halde seg oppdatert om naturvitkapleg forsking utanfor eige felt (UBBRB popvit, look for new titles in the carousel below)
Bøker om hage, sportsfiske og kjæledyr er ikkje strengt tatt ein del av naturvitskapen, men kan likevel vere med på å utvide vår forståing. Dessutan kan slike interesser hjelpe oss å halde på forstanden gjennom studiar og pandemi-kriser. Du finn våre hage-, fiske- og kjæledyrbøker på Dewey-koder 635-636 og 799.1.
Og visste du at Charles Darwin sine samla verk er å finne gratis og tilgjengeleg for alle?
Andre nyttige ressursar
Nyttige ressurser
Studenter
- Søk og Skriv - ein studentguide til informasjonssøk og skriving
- bioCEED har aktiviteter og ressurs for akademisk skriving, statistikk og arbeidspraksis
Forskere/Stipendiater
- Usikker på et tidsskrifts pålitelighet? Sjekk databaser av kvalitetssikrede tidsskrift, og finn tips på think-check-submit
- PhD on Track - informasjonssøk, publisering og åpen vitenskap
- Biologididaktikk - Undervisningsblogg og verktøykasse
Sjekk staving og bøying i Nynorsk- og Bokmålsordboka
Informasjonsressurser for molekylærbiologi på biblioteket
Bibliotek for matematisk-naturvitenskapelige fag på Facebook
Bibliotektenester
Bibioteket er ope mellom 8:30 og 15:00 og skranken er bemanna mellom 10:00 og 15:00. Tilsette er vanlegvis å finne i biblioteket også før ti.
Studentar og tilsette kan bruke sitt UiB-kort for å låse seg inn i biblioteket mellom 08:00 og 22:00.
Studentar og tilsette kan bruke sitt UiB-kort for å låse seg inn i biblioteket mellom 08:00 og 22:00.
Vi er tilgjengelege for spørsmål eller veildedning for alle studentar/tilsette, så ikkje nøl med å ta kontakt! Veiledningstime kan være spesielt nyttig hvis du skal begynne med ny oppgåve eller nytt forskingsprosjekt. Bestill vår fagutdanna biolog eller ein av våre andre spesialistar her, eller send epost oss med spørsmål eller forslag. Aktuelle tema vi kan hjelpe med kan være:
- Søking: Hjelp til å finne kjelder for ei gitt oppgåve eller problemstilling, uttømmande og presise søk, oversikt over aktuelle plattformar og databasar
- Litteraturbruk: Tips for å halde litteratur organisert, bruk av referansehandteringsprogram, korleis sitere ulike kjelder korrekt
- Publisering og impact: Open Access publisering, OA publiseringsfondet, Cristin, BORA, researcher profile og impact
- Opphavsrett: Publisering og bruk av andres intellektuelle arbeid
- Bibliometri: Analysere faglitteratur ved bibliometriske metodar, kritisk refleksjon rundt målemetodane
Universitetsbiblioteket tilbyr òg:
Utdanningsstøtte: Vi kan skreddersy kurs for studentane dine, eller kan vi halde verksted for spesifikke oppgaver.
Forskningsstøtte: Kurs og workshops spesialtilpassa forskarar og administrativt tilsette, som en del av BOA-teamet - for. eks. "Open data and research data management", "How to increase your visibility and impact", og "Literature searching for systematic reviewing"
Visste du at vi òg har eit stort utval av populærvitskaplege bøker og hagebøker?