Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
INFOSIDE

Korleis kan de bidra ved å bruke klynga?

Polyfon arbeider med det tverrfaglege området musikk, helse og medborgarskap. Kunnskapslynga genererer resultat og ressursar alle kan bruke, men legg også spesielt til rette for samarbeid mellom aktive klyngedeltakarar. Les om aktivitetar, ressursar og relasjonar her.

Polyfons årshjul
Kunnskapsklynga Polyfon støttar og stimulerer utvikling av fag og praksis. Figuren viser dei viktigaste søknadsfristane i 2026.
Photo:
UiB / Polyfon

Main content

Polyfon er ei samling av klyngedeltakarar som utfyller og støttar kvarandre i arbeidet med å løfte bruken av og kunnskapen om musikk som ressurs for individ og samfunn. Klynga byggjer eit nasjonalt samarbeid innan musikkterapi / musikk & helse. Brukarmedverknad er ein grunnleggjande verdi og arbeidsmåte.

Samarbeid og fagleg støtte  

Klyngesamarbeidet er allsidig, og ein klyngedeltakar vil m.a. kunne bruke Polyfon på følgjande måtar:

  • Få råd og fagleg støtte til planarbeid, prosjekt- og utviklingsarbeid
  • Delta i nettverk, faglege fellesskap, arbeidsgrupper m.m.
  • Delta i klyngas seminar og konferansar
  • Søkje på midlar til seminar/arrangement
  • Delta i samarbeid om større forskingsprosjekt
  • Auke eigne mogelegheiter til å generere eksterne prosjektinntekter

Ta kontakt med Polyfons sekretariat for ein samtale om korleis din organisasjon best kan bruke klynga. 

Å bruke klynga er å bidra til klynga

Ei  klynge er eit fagleg spleiselag, der alle klyngedeltakarane bidreg til fellesskapen og sjølve får noko ut av dei ressursane og relasjonane som vert genererte. Å bruke klyngas ordningar - der ein søkjer om støtte, genererer fagleg aktivitet og byggjer samarbeidsrelasjonar - er difor eit viktig bidrag til klyngesamarbeidet.    

Støtteordningar for forsking og formidling

Fagpersonar, studentar, leiarar og erfaringskonsulentar ved Polyfons klyngedeltakarar kan m.a. søkje om støtte til forsking og formidling. Vi har laga eit årshjul som viser kva du søkje om støtte til:

Søknader om forskingsstøtte, sommarstipend og utviklingsstøtte vert vurderte av eksterne fagkomitear. Søknader om formidlingsstøtte vert vurderte av sekretaroatet. Vi legg opp til rask sakshandsaming.

Ytterlegare informasjon om dei ulike støtte- og samarbeidsordningane finn de under knappen «Aktivitetar» i menyen over, eller her.

Du kan også kontakte Polyfons sekretariat og dei regionale fagkoordinatorane for råd og fagleg støtte.

Samarbeid mellom ulike men likeverdige aktørar

At Polyfon er ei klynge betyr at ein kan bruke dei mogelegheitene som veks ut av samspelet mellom klyngedeltakarar som har kompetansar som utfyller kvarandre. Det inneber m.a. at: 

  • Deltakarane er sjølvstendige aktørar som frivillig har meldt seg inn i klynga
  • Deltakarane kan ha ganske ulike behov, målsettingar og føresetnader
  • Samarbeidet er basert på at aktørane treng kvarandre og støttar kvarandre
  • Vi oppmodar klyngedeltakarane til å vurdere korleis dei best kan byggje samarbeid og involvere ulike kompetansar når dei utviklar prosjekt og satsingar

Sjå faktaboksen (til høgre på sida) for informasjon om ulike ressursar generert av klyngesamarbeidet og om dei styrande, rådgjevande og utøvande funksjonane i Polyfon.