Godkjenning av utdanning
Du kan søke om at utdanning tatt ved andre institusjoner skal bli en del av graden din ved UiB.
Main content
Alle som er student på eit studieprogram ved UiB kan søke om godkjenning av tidlegare utdanning. Her finn du informasjon om korleis du søker.
Godkjenning av emnar frå UiB
Har du studert ved UiB før? Det er ikkje nødvendig å fylle ut søknadsskjema her. Send en e-post til studieveiler for ditt studieprogram og spør om emne kan godkjennast som ein del av studieprogrammet du går på no. Studierettleiar kan hjelpe deg med å planlegge studieløpet ditt videre. Hugs at du alltid kan sjekke utdanningsplanen din i Studentweb.
Ved det medisinske og psykologiske fakultet vil emne eldre enn 5 år ikkje bli godkjent, med unntak av ex.phil.
Frie studiepoeng
Du kan få godkjent utdanning som ikkje overlappar med emne du skal ta i graden din, avhengig av kor mange frie studiepoeng du har i ditt studieprogram.
Ex.phil og ex.fac (“innføringsemner”)
Har du ex.phil frå UiB? Du treng ikkje sende inn søknad. Emnet leggast automatisk inn i din utdanningsplan. Student ved Det juridiske fakultet eller Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet? Ta kontakt med infosenteret.
Har du ex.fac frå UiB? Send inn eit søknadsskjema, sjå nede på denne sida.
Har du innføringsemne frå andre norske utdanningsinstitusjonar? Send inn eit søknadsskjema om å få innpassa desse.
Har du tatt ein bachelorgrad tidlegare? Send inn søknad om fritak frå innføringsemne. Student ved Det juridiske fakultet eller Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet? Ta kontakt med infosenteret.
For informasjon om reglar i høve innpass av ex.phil/ex.fac, sjå Forskrift om opptak, studiar, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen.
Emner og grader frå utlandet
Ønskjer du å få innpassa utdanning tatt i utlandet i graden din, må du kunne dokumentera heile utdanninga med karakterutskrift og/eller vitnemål som viser omfang, nivå og innhald av utdanninga. Poengsystem må dokumenterast om det ikkje er ECTS. Studie- eller fagplanar må være stadfesta av den aktuelle institusjonen eller finnast som ei offisiell studiehandbok/universitetskatalog eller nettside. Dokumentasjonen må lastes opp i søknadsskjemaet når du søker om godkjenning, eller ettersendes via denne lenken.
Eigne prosedyrar gjeld for innpassing/endeleg godkjenning av delstudium i utlandet.
Søknadsskjema
Du søker om godkjenning av tidligere utdanning ved å sende inn dette skjemaet: