Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Klart for prosjekt om betre utnytting av helseregistra

Institutt for global helse og samfunnsmedisin skal leia infrastrukturprosjektet «Health Registries for Research».

Main content

Noreg har eit godt grunnlag for medisinsk forsking. Dette er særleg knytt til den unike kombinasjonen av informasjon frå helseregister, personnummersystemet, biobankdata og helsedata frå store undersøkingar i befolkninga.

Det er allereie investert store ressursar i innsamling, lagring og handtering av desse dataa, nettopp med tanke på at dei kan nyttast til forsking. Men det er ikkje lett for forskarar å gjennomføra slik forsking i praksis. Det aktuelle prosjektet har no fått 36 millionar frå Forskingsrådet for å utvikle ein infrastruktur som skal sikre forskarar tilgang til data samt betre kvaliteten på dokumentasjon og statistiske metodar. Det er eit mål å utvikle standardar for korleis ein kan knytte saman data frå ulike register, samstundes som ein styrkar både personvern og datatryggleik. Samarbeidspartnarar er Folkehelseinstituttet, Kunnskapssenteret, Helsedirektoratet, UiT, NTNU, UiO og dei regionale helseforetaka. 

Forskingsrådet har mellom anna lagt stor vekt på den strategiske verdien denne infrastrukturen vil ha, både nasjonalt og internasjonalt. God forsking frå helseregistra får stor merksemd internasjonalt, men potensialet i helseregistra og biobankane blir ikkje fullt utnytta. Denne nye forskingsstrukturen skal betre dette og gje betre grunnlag for samarbeid mellom forskarar i Norge og registerforskarar i andre land.