– Ein får utruleg mykje att for å engasjere seg!
I samband med det nylege leiarskiftet i Fagutvalet for kjønnsstudiar ved Universitetet i Bergen tok vi ein prat med dei avtroppande og påtroppande leiarane.
Main content
I Fagutvalet for kjønnsstudiar har Signe Kristiansen Ramberg og Vilde Taule Haugstad nyleg teke over for Leah Nyborg og Lea Stadaas, og vi samla alle fire for ein prat om Lea og Leah sine erfaringar som leiarar, Signe og Vilde sine tankar om vervet og planar framover, og ikkje minst: Kvifor vil dei oppfordre studentar til å engasjere seg i fagutvalsarbeidet?
Takk for fantastisk innsats, Lea og Leah! Korleis har det vore å leie fagutvalet, og korleis er det å gi stafettpinnen vidare?
Leah: Eg er både stolt og glad over det vi har fått til! Det blei slik vi håpte, takka vere alle i fagutvalet, og det kjennest riktig å gi det vidare til Signe og Vilde.
Lea: Å bygge opp noko ein ikkje skal ta med seg vidare er merkeleg, men også fint, og eg er stolt over arbeidet vårt. Målet var at vi skulle ha noko konkret å gi frå oss, og det synest eg vi har gjort: Vi har laga ein grunnmur av erfaringar, strukturar og ressursar som kan byggast vidare på.
Kan de trekke fram nokon høgdepunkt i dykkar periode?
Leah: Første gongen vi tok på oss litt større arrangement var i samband med 8. mars-veka i 2024, og det var kjempegøy! På eitt av arrangementa, Fagkritisk dag, kom det over 30 personar, inkludert fleire vi ikkje visste kven var. Vi har også rekruttert til demonstrasjonar og på denne måten kome i kontakt med andre organisasjonar og blitt medarrangørar.
For meg personleg har det også vore veldig fint å få ein møteplass for studentar her i Parkveien 9 på tvers av kull, og bli betre kjende med dei tilsette.
Lea: Eg er veldig einig. I tillegg kan eg trekke fram at vi kom med i ein vitskapleg artikkel fordi vi hadde hengt opp mange 8. marsplakatar rundt omkring! Ein forskar hadde sett ein plakat og ønskja å bruke dette i ein artikkel hen skulle skrive.
Det første 8. marstoget med fagutvalet var også stas: Vi gjekk med Sosialistiske studentar under parolen «Hvor er kvinnene på pensum?» Året før hadde vi gått med same parole, og då var vi kanskje sju, medan vi var rundt 30 året etter. Då kjente vi at det vi gjorde fekk reelle konsekvensar.
Kva er noko av det viktigaste de har lært av verva?
Leah: Det å få ting gjort! Vervet lærte meg at eg kunne sette meg ned i fem ledige minutt og få unna ei oppgåve i staden for å utsette, og at ein sparar mykje på å faktisk gjere det. Det er også nyttig å erfare at det ikkje er så skummelt som ein trur å gjere desse tinga.
Lea: Eg har lært å ta meir plass. Før hadde eg ærefrykt for andre studentar, administrasjonen og professorar, men det plasteret blei fort reve av! Det var vanskeleg i starten, men det måtte jo gjerast.
Ein viktig lærdom er også at alle gjerne vil hjelpe: Når andre tek kontakt med oss og ber om ting, så er det jo berre hyggeleg. Dette har eg vakse på, og eg har blitt meir sjølvsikker og trygg på at eg kan halde møter, organisere arrangement og stille opp som leiar.
Signe og Vilde: Gratulerer som nye leiarar! Kva gler de dykk mest til med å leie fagutvalet?
Signe: Eg ser veldig fram til å starte på sosiale medium-prosjektet vårt: Å komme i gang med kontoar for fagutvalet på Instagram og Tiktok. Det blir spanande å sjå korleis det blir å fylle dei store skoa til Leah og Lea! Dei har gjort ein veldig god jobb og laga ein flott grunnmur som vi ser fram til å bygge vidare på. Dette Lea seier om å ta plass er noko vi også er spente på, og eg gler meg til å bli meir komfortabel i vervet.
Den viktigaste erfaringa med fagutvalet så langt er at vi er ei gruppe: Det er det som dreg oss framover. Vi har allereie fått mange gode og morosame forslag frå resten av utvalet, som arrangement som skal fokusere på å bryte ned stereotypiar, og vi ser fram til å vise oss meir fram og syne kva vi står for. Dette heng jo tett saman med sosiale medium-prosjektet. Eg vil også skryte av dei på huset her: Vi føler oss godt teke i mot.
Vilde: Eg gler meg til å kunne bidra til å gi andre ein plass der dei kan finne fellesskap. Lea og Leah har vore utruleg dyktige leiarar som har skapt eit slik fellesskap, og eg håpar at vi kan vidareføre dette. Allereie så tidleg i vervet har eg fått mange gode erfaringar og opplevingar, og eg gler meg til å få fleire av desse og dra lærdom frå dei.
Som Signe ser eg definitivt fram til sosiale medium-prosjektet! Det blir både spanande og utfordrande. Det er veldig kjekt å høyre alle dei gode ideane til gruppa, og eg gler meg til å sjå kva vi kan finne på saman!
Er det noko de er spesielt spente på når det gjeld jobben de skal gjere?
Signe: Korleis vi får til å halde oppe engasjementet. Det er viktig å finne noko folk har lyst til å bite seg fast i. Det blir også spanande å sjå om vi får til noko av det same Lea og Leah har arrangert, som 8. mars-veka.
Vilde: Som Signe seier, er engasjement essensielt for at vi skal kunne gjennomføre det vi ønskjer. Det er så mange engasjerte studentar i gruppa, og eg håpar at vi som leiarar kan halde engasjementet oppe og få dei gode ideane frå idé til praksis. Det er nytt og litt skummelt å ha denne typen ansvar, men eg føler også at dette berre gir endå større læringsutbytte. Eg er også veldig spent på å arrangere fagkritisk dag.
I tillegg til det som allereie er nemnd, er det andre planar de vil dele?
Signe: Når det gjeld fagkritisk dag, som Vilde nemner, så vurderer vi å ha «tullestudiar» som tema. Eg, Vilde og Nora frå fagutvalet har allereie blitt intervjua om dette i Framtida. Vi vil prøve å invitere Peter Frølich for å snakke meir om denne debatten, og også ha med oss nokon frå SKOK-staben. Sidan vi er så heldige med grunnmuren til Lea og Leah, vil vi gjerne også vidareføre arrangement som SKOKINO.
- Les intervjuet i Framtida her: Forsvarar kjønnsstudium: – Med framveksten av Andrew Tate og anti-woke er det viktig å stå opp for mangfald
Vilde: I tillegg til det Signe nemner, tenker vi også å arrangere quiz og jul- og sommaravslutting. Sosiale medium-prosjektet er kjempespanande. Vi håpar det vil skape mykje engasjement og informere breitt om studiet vårt: kva moglegheiter ein får ved å ta det, og korleis studiekvardagen vår er.
Når det gjeld fagkritisk dag, så kan eg legge til at vi håpar å sette fokus på korleis studiet vårt blir framstilt i media og i kva grad det er utsett; kanskje dra linjer til det som skjer i USA no.
Leah og Lea: Har de eit godt råd eller to til Vilde og Signe?
Leah: Eg har full tiltru til at det går fint – vi har blitt godt kjende alle fire. Ein ting eg vil nemne er at det er lett å føle at ein ikkje har kontroll, og at det skin gjennom at ein ikkje veit kva ein driv med, men så er det ikkje tilfelle! Folk tenker mykje mindre vondt om andre enn ein fryktar. Eg vil også anbefale dykk å bruke kvarandre. Det er fint å vere to!
Det at de kjem frå ulike grupper og er ulike kvarande, Signe og Vilde, kan vere ein styrke. Lea og eg er veldig like og har laga oss ei boble der vi er veldig einige :)
Hugs at sjølv om det er lett å tenke at usemje rundt bordet på møter er ei stor greie, så handlar usemja om sak og preferansar, ikkje om verdiar.
Lea: Eg har eit usjarmerande råd: Målet er ikkje å verte populær. Det er sjeldan ein kjem med ei løysing som passar for alle. Eg vil anbefale å vere tydeleg på kva grensene dykkar er, og kva som er best for gruppa som heilheit.
Det kan vere vanskeleg når vi alle er studentar og det framstår som at vi har ein flat struktur: Kvifor skal nokon ha meir å seie enn andre? Men dette har noko med kva som skal til for å leie ei gruppe.
Som Leah er inne på, så er det bra og viktig å kunne lene seg på kvarandre om ein må ta ei potensiell upopulær avgjersle. Erfaringa vår er at det går fint: Folk ber ikkje nag. Samtidig kjennest fagutvalet ut som ei regjering, der vi skal representere alle. Om idear vi som leiarar har ikkje slår an, så må ein gjerne belite seg. Det viktigaste er å stole på magekjensla!
Til slutt vil eg nemne at det fagleg-sosiale i fagutvalet er eit godt utgangspunkt for å nå breitt og skape engasjement, så det kan ofte vere lurt å kombinere dei to.
Signe og Vilde: Er det noko de vil spørje Leah og Lea om?
Signe: Vi har allereie prata saman, og vi kjenner kvarandre, så det har vore ein glatt overgang. Ein ting eg lurer på er korleis vi kan engasjere folk nok til å få dei til å halde fram, og hindre ei potensiell smitteeffekt når nokon trekk seg?
Lea: Det er viktig å ha halde døra open. Folk har byrja, slutta heilt, eller trekt seg tilbake i periodar då vi var leiarar. Ein bidreg med det ein kan, og det skal vere takhøgde for det. Hald fram med å kommunisere, ver rause, og jobb hardt med arrangementa.
Leah: Vi har veldig bevisst hatt fokus på å møtast annankvar veke internt, utover fagutvalsmøtene. Mykje handlar om at folk ikkje er komfortable nok til å prioritere fagutvalsarbeid i oppstartsfasa, så det er viktig å møtes i andre arenaer.
Signe: Ja, det har vore viktig for oss også: Det første vi gjorde var å ha ei sosial samling. Utvalsmøte kan framstå som meir alvorlege enn dei er!
Leah: Kom som du er, er bodskapet vi har hatt. Ein treng ikkje å seie noko. Vi vil legge til rette for ein møtestad der ein drøymer saman.
Til slutt, til alle: Kva er dei viktigaste oppgåvene til fagutvalet, og kvifor bør studentar engasjere seg i slikt arbeid?
Leah: Fagutvalet er bindeleddet til miljøet. Eg følte ikkje at eg var skikkeleg student på UiB før andreåret, då eg blei med i fagutvalet. Det ein får ut av å engasjere seg er fellesskap, samarbeid og tilhøyrsle. Ein skal heller ikkje undervurdere trivsel! I studentkvardagen føler ein ofte at ein ikkje strekk til. Å ha eit kollektivt mål er bra. Då har ein både oppturar og nedturar kan ei dele.
Signe: Den viktigaste oppgåva er å legge til rette for at studentane blir kjende på tvers av trinna og blir ein samla gjeng. Gjennom fagutvalet legg vi også til rette for at studentane skal treffe dei tilsette og få eit fint samarbeid med dei. Sidan studentane på kjønnsstudium har forskjellige spesialiseringar, og nokre også tilhøyrer andre bachelorgrader, så er det viktig å få på plass eit fellesskap på tvers.
Eg er einig i Leah sine refleksjonar om kvifor studentar bør engasjere seg. I tillegg er det ekstra fint å ha eit fellesskap der vi står saman, utrettar noko og viser kven vi er og kva vi kan når vi går på eit studium fleire er kritiske til.
Lea: Ein opplever meistring i fagutvalet, og eg trur det er litt manko på dette hos mange studentar i dag. Som student er det mange ting ein gjer fordi ein må, til dømes å jobbe for gode karakterar for å komme inn på eit studium, og då er det viktig med meistring for meistringa si skuld. Det er givande å ha gjort noko fint for andre.
Vilde: Vi går på eit studium som for mange kan verke spesielt og som kan vekke mange reaksjonar. Då er det godt å ha ein stad der du kan treffe andre som studerer det same og som har mange av dei same interessene utanfor forelesingssalen. Fagutvalet kan vere ein slik møtestad, både sosialt og fagleg.
Eg kan elles skrive under på alt dei andre har sagt om engasjement: Studentar burde engasjere seg i fagutvalet for å få nye erfaringar, møte nye menneske, oppleve meistring og ta på seg ansvar. Ein får utruleg mykje att for å engasjere seg! Det kan være skummelt å starte på eit nytt studium, kanskje også i ein ny by, og fagutvalet kan skape tryggleik og legge til rette for nye venskap.
Då står det berre att å takke Leah og Lea for innsatsen, og ønskje Signe og Vilde lykke til!