Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Ofte stilte spørsmål

Her finn du ein oversikt over spørsmål som ofte blir stilt til Infosenteret ved HF.

Spørsmålstegn
Lurer du på noko? Vi gjer deg svar.
Photo:
www.colourbox.com

Main content

Eksamen

Kor tid er midtsemestereksamen?
Emne som har undervisning i berre eitt av semestra, har vanlegvis ordinær eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret. Desse blir kalla midtsemestereksamen.Dei er opne for studentar som har fått godkjent evt. obligatoriske arbeidskrav, og blir normalt haldne i september/oktober om hausten og mars/april om våren.

Er det mogleg søkje om tilrettelagt eksamen dersom eg kan ha behov for det?
Ja, det er det. Du finn meir informasjon om korleis du går fram på nettsidene om tilrettelegging av eksamen.

Korleis finn eg ut kor eg skal ha eksamen?
Du finn eksamensinformasjon på nettsida for emne du tek. Søk etter emne i Finn emner og sjå teksten på høgresida. Hugs å velje riktig semester.

Eg har mista studentkortet mitt og skal ha eksamen i morgon. Får eg ikkje ta eksamen då?
Du kan ta med eit anna gyldig identitetskort for å legitimere deg på eksamensdagen, til dømes pass, førarkort eller bankkort med bilete. Nærare instruks for eksamen finn du her.

Når får eg vite resultatet av eksamen, og kor finn eg det?
Resultatet av eksamen skal normalt vere klart tre veker etter eksamensdato. Karakteren blir publisert på Studentweb under menyvalet Innsyn >Resultat.

Eg har meldt meg opp i eit emne, men ser at eg ikkje kjem til å ta eksamen. Kan eg berre la vere å møta, eller må eg melde frå nokon plass?
Du har berre tre forsøk på å ta eksamen i eitt emne. Derfor bør du trekkje deg frå eksamen med ein gong du ser at du ikkje kjem til å ta det.

Fristen for å trekkje seg er 14 dagar før eksamen og det må gjerast i Studentweb. Logg på Studentweb og vel ’registreringar’ – ’meldingar’ i menyen til venstre. Her får du opp alle emne du er meldt til eksamen i, og til kvart av dei skal det stå ein raud X. Trykk på X’en og stadfest at du vil annullera meldingane i dette emnet. Hugs å lagre før du loggar ut.

Eg strauk på eksamen. Kva konsekvensar har dette?
Om du stryk på eksamen, blir du forseinka i utdanninga, noko som kan ha fleire konsekvensar.

  • Du har brukt eitt av dei tre vurderingsforsøka du har på å ta eksamen i eitt emne. Om dispensasjon fra regelen om tre vurderingsforsøk, sjå utfyllande reglar.
  • Du vil ikkje få full stipenduttelling frå Lånekassen det semesteret du stryk, sjekk næmere på Lånekassen sine nettsider
  • Forseinkinga kan føre til at du må justere utdanningsplanen din i samråd med studierettleiar. Dette gjeld særleg om du er forseinka med meir enn eitt emne. Dersom emnet du strauk på skal gå inn i spesialiseringa di må du ta det opp att, anten i det påfølgjande semesteret eller ein seinare gong. Ver merksam på at obligatoriske aktivitetar gjeld for eit avgrensa tidsrom, som regel to semester etter at dei vart godkjende.
  • Om programmet du går på har progresjonskrav, kan det vere at du ikkje får gå vidare i studia før du har bestått emnet. Sjå studieplanen for kva som gjeld for ditt program.
  • Om forseinkinga fører til at du har færre enn 60 studiepoeng før du skal dra på utveksling, kan du bli hindra i å reise ut.

Kontakt gjerne studierettleiaren din for å få hjelp til å komme vidare i studia dine.

Eg har vore sjuk og fekk ikkje tatt eksamen. Kva skjer då?
Sjukdom må dokumenterast med sjukemelding eller legeerklæring. Det vil då ikkje telje som eit eksamensforsøk, men dei andre reglane om forseinking gjeld (sjå spørsmålet om stryk).

Korleis du går fram for å registrere sjukemeldinga kjem an på kva type eksamen du skulle tatt: Sjukdom ved eksamen

For å ta eksamen opp att melder du deg opp på vanleg måte i Studentweb. Om du har vore sjuk i meir enn 14 dagar kan du ha rett på sjukestipend frå Lånekassen.

Eg har nett mista eit nært familiemedlem og klarer ikkje gjennomføre eksamen.

Dødsfall i nær familie eller hos andre du har et nært forhold til gir gyldig fravær.

For å registerers med gyldig fravær må du sende inn skjema om detta.

Dersom eg tek om att eksamen i eit emne for å betre karakteren, kjem begge resultata med på karakterutskrifta då?
Nei, kun det beste resultatet kjem med på karakterutskrifta. Dette gjeld òg om du stryk når du tek emnet om att - det beståtte resultatet blir ståande.

Kva gjer eg om eg er usamd i karakteren eg fekk på eksamen?
Korleis du ber om grunngjeving av karakter og framgangsmåte for å klage på eit eksamensresultat, finn du på sida Klage på eksamen. Hugs at når du klagar, risikerer du å bli sett ned i karakter.

Emne: timeplan, eksamensdatoer, litteraturliste

Kvar finn eg timeplanen for emnet eg tek?
Du finn han på sida di i Mitt UiB, eller på nettsida som kvart enkelt emne har. Søk opp emnet du tek på Finn emner. Under Ressursar oppe til høgre, klikkar du vidare på Timeplan.

Kor finn eg eksamensdatoar for emnet eg tek?
Du finn eksamensdatoane i høgremargen på nettsida for kvart enkelt emne, sjå korleis du leitar opp emnet ditt i avsnittet over. Hugs å velje rett semester.

Kor finn eg litteraturlista for emnet eg tek?
Du finn litteraturliste på nettsida som kvart enkelt emne har. Søk opp emnet du tek på Finn emner. Under Ressursar oppe til høgre, klikkar du vidare på Litteraturliste.

Ex.phil. og innføringsemnar

Kva er ex.phil. og innføringsemnar? 
Examen philosophicum er et obligatorisk innføringsemne i filosofi som inngår i alle bachelorgrader ved Universitetet i Bergen. Innføringsemnar består av 10 eller 20 studiepoeng og er saman med Examen philosophicum obligatoriske emne i bachelorgraden. Desse emna skal mellom anna hjelpe studenten med overgangen frå skoleverket til universitetet, og førebu studenten på studiane.

Eg har vore vekke frå fire seminar i ex. phil, men eg har sjukemelding.
Du kan berre ha tre fråver frå  seminara uansett årsak. Sjukemelding vil dessverre ikkje hjelpe.

Kan eg få utsett innlevering av seminaroppgåva?
Utsetting blir berre gitt etter søknad med god grunngjeving og dokumentasjon lagt ved (legeattest eller liknande). Søknaden skal sendast til exphil@uib.no eller bli levert på Infosenteret ved HF merka 'Exphil'.

Er det lurt å ta ex.phil og innføringsemnar før eg begynner på UiB?
Om du har teke ex.phil- eller innføringsemne ved ein annan utdanningsinstitusjon, kan du søkje om å få det innpassa i bachelorgraden ved UiB. Då slepp du å ta det om att. I så fall bør du kontakte studierettleiar for å leggje opp ein ny utdanningsplan, fordi du kan få eit litt anna studieløp enn dei andre studentane i kullet ditt. Fordelen ved å ta ex.phil. og innføringsemne ved UiB er at du då tar emne som er anbefalt for vidare studium, og at du blir kjend med dei andre studentane frå faget ditt som du skal gå saman med dei neste åra.

Opptak

Når kan eg søkja opptak til studium ved Det humanistiske fakultet?
Opptak skjer via Samordna opptak med søknadsfrist 15. april for ordinære søkjarar.

Kor finn eg fagkodar og søkjarkodar for studieprogramma ved UiB som har opptak via Samordna opptak?
Direkte lenke til kodar finn du på nettsida til Samordna opptak.

Kan eg ta enkelte fag ved UiB utan å vere teken opp som student?
Du kan ta enkeltemne ved UiB. Som enkeltemnestudent kan du ta emne på bachelornivå sjølv om du ikkje er tatt opp til eit studieprogram. Les meir: Opptak til enkeltemner.

Det er også mogleg å søkje om å få avleggje eksamen som privatist. Med privatistordninga betalar du for å ta eksamen, du har ikkje rett på oppfølging frå lærar, og det er derfor berre emne utan obligatoriske arbeidskrav som er opne for privatistar. Frist for å søkje er 15. august for eksamen i haustsemesteret, og 15. januar for eksamen i vårsemesteret.

Når og kor kan eg søkje opptak til master?
Masterprogram har normalt opptak kvart haustsemester. Søknadsfristen er 15. april via Søknadsweb. Nokre program har suppleringsopptak i vårsemesteret. Søknadsfristen då er 1. november. Søknadsweb opnar om lag ein månad før søknadsfristen.

Når får eg svar på masteropptaket?
Tilbod om opptak blir lagt ut på Søknadsweb, i tillegg til at det blir sendt ut på e-post. Dette skjer i midten av juli om du har søkt opptak frå og med haustsemesteret, og like i forkant av semesterstart om du har søkt opptak frå og med vårsemesteret.

Kan eg bli overført frå der eg studerer no til UiB?
UiB har inga ordning for overføring av studentar frå andre utdanningsinstitusjonar. For å bli teken opp ved UiB må du søkje Samordna opptak. Men om du har studierett ved ein annan utdanningsinstitusjon, kan du ta emne hos HF som hospitant i eitt eller to semester.

Studierett

Kan eg få poststudierett ved andre fakultet? Kor skal eg søkje?
Du må søkje om poststudierett ved fakultetet der du fekk graden din, men du kan bruke poststudieretten til å ta emne ved andre fakultet enn der du har studierett. Registrer søknaden på Søknadsweb innan 15. august (haustsemesteret) eller 15. januar (vårsemesteret).

Utdanningsplan og semesterregistrering

Utdanningsplanen min er feil og eg greier ikkje å oppdatere den sjølv.
Kontakt studierettleiaren for ditt program, og avtal ein rettleiingstime. 

Kor tid kan eg registrere meg, stadfeste utdanningsplanen og melde meg til undervisning og registrering?
Studentweb opnar for registrering i veke 25 med frist 1. september i haustsemesteret, og veke 50 med frist 1. februar i vårsemesteret.

Studieretten min har gått ut, men eg vil studere meir. Kva gjer eg?

  • Dersom det er kort tid sidan studieretten din vart avslutta, kan du kontakte studierettleiar.
  • Dersom studieretten din har gått ut fordi du har fullført graden din, må du søkje om poststudierett på Søknadsweb innan 15. august (haustsemesteret) eller 15. januar (vårsemesteret)
  • Dersom det er meir enn eitt semester sidan studieretten din vart avslutta utan at du fullførte ein grad, må du søkje nytt opptak via Samordna opptak.

Eg har allereie tatt noko utdanning frå ein annan lærestad. Kan eg bruke denne i graden ved UiB?
Du kan søkje om å få anna utdanning godkjent som anten spesifiserte emne eller frie studiepoeng. 

Kva fag kan eg ta som frie studiepoeng?
Du kan ta alle emne ved UiB ikkje er lukka for enkelte program (som f.eks. lektorutdanninga, psykologstudiet eller journalistikkstudiet). For å ta desse emna, meld du deg opp på vanleg måte i Studentweb.

Kan eg bytte studieprogram? Må eg i så fall ta ex.phil. og innføringsemnar om att?
Du kan søkje om å bytte til eit anna studieprogram på HF, eller til studieprogram ved eit anna fakultet. Informasjon om når og korleis dette kan gjerast og kva program som er aktuelle, finn du ved å følgje lenka.

Dersom du har fullført ex.phil. og/ eller innføringsemnar i studieprogrammet du starta på, kan du som regel overføre dette til det nye programmet, med mindre det nye programmet har særskilte krav til ex.phil./innføringsemne som skal inngå. 
Sjå studieplanen til det aktuelle programmet for meir informasjon om dette.

Eg vil ha eit ”friår” frå studia der eg tek opp att nokre fag. Kva gjer eg?
Bestill rettleiing hos studierettleiar via Infosenteret ved HF. Der kan du få hjelp til å lage ein plan for korleis du kan gjere dette.

Eg jobbar eigentleg fulltid, men har lyst til å studere ved sida av. Er det mogleg?
Vi kan leggje studia til rette på den måten at du kan studere på deltid og ta 15 studiepoeng i semesteret i staden for 30. Som regel vil det sei at du tek eitt emne i staden for to per semester. Vi kan ikkje legge undervisninga til kveldstid, gje fritak frå obligatoriske aktivitetar eller lage andre eksamensordningar. Det er heller ikkje mogleg å ”strekke” eit emne over to semester dersom det kun blir gitt ein gong i året. Studerer du på eit masterprogram, må du formelt melde frå om at du vil ta studiet på deltid på eige skjema.

Utveksling

Kor kan eg levere dei ulike søknadsskjema?
Søknad om utveksling skjer gjennom Søknadsweb. Skjema for førehandsgodkjenning og endeleg godkjenning fyller du ut og sender inn elektronisk. 

Korleis finn eg ut kva fag eg skal ta medan eg er på utveksling?
Først av alt må du sjekke om avtala du skal reise på er inngått på særskilte fagområde. Er avtala inngått for filosofi vil det seie at du må studere filosofi medan du er på utveksling. Dei fleste universitet har meir eller mindre detaljerte emneoversyn på nettsidene sine, der du kan sjå kva fag dei tilbyr og plukke ut kurs du tykkjer ser interessante ut. Du kan òg kontakte vertsuniversitetet og be om informasjon, eller kontakte studierettleiaren på programmet ditt. Ved einskilde universitet kan det vere vanskeleg å få tak i detaljert informasjon om kurstilbodet. Då kan du ettersende kursomtalar når du har kome på plass og veit kva kurs du kan ta. Dette må du i så fall opplyse om i søknaden om førehandsgodkjenning.

Kva er fristen for å søkje om førehandsgodkjenning av utvekslingsopphald?
Det er ingen frist for å søkje om førehandsgodkjenning, men hugs at det kan ta litt tid å handsame slike søknadar. Jo lenger du ventar med å søkje, jo lenger tid tar det før du får svar, og dette har konsekvensar for kva tid du får svar på søknad om økonomisk stønad frå Lånekassen.

Kor mykje får eg i stønad av Lånekassen?
I tillegg til vanleg lån og stipend kan du søkje om stønad til reise og eventuelle skulepengar. Sjå Lånekassen sine nettsider for meir informasjon.

Eg skal på feltarbeid. Et det pengar å hente til dette nokon stad?
Det humanistiske fakultetet kan gi økonomisk stønad til feltarbeid i samband med masteroppgåve etter søknad om dette. Søknaden må vere tilrådd av rettleiar. Du finn søknadsskjema her.

Praktiske spørsmål: Studentkort, Mitt UiB, student e-post, karakterutskrift, avslutte studia

Studentbevisapp
For å bevise at du er student ved UiB, bruker du studentbevisappen. Det er semesterkvitteringa di.

Kor får eg tak i karakterutskrift og vitnemål?
Du kan bestille karakterutskrift med digital signatur på Studentweb. Gå inn på Bestillingar i toppmenyen. Du finn karakterutskriften under Dokumenter etter ca. 10 minuttar.

Vitnemålsportalen er en digital teneste der noverande og tidlegare studentar sjølv kan hente ut resultata frå høgare utdanning og dele dei med studiestadar, potensielle arbeidsgjevarer eller andre relevante partar. Tenesta er gratis å nytte.

Kan eg velje kva for emne som skal komme med på karakterutskrifta?
Nei, her kjem alle karakterar med, gode som dårlege. Men du kan velje kva for emne som skal inngå i graden, og dermed komme med på vitnemålet.

Omset UiB vitnemål, karakterutskrifter, emneomtalar eller studieplanar til andre språk?
Det er mogleg å få karakterutskrift på engelsk, og vitnemålet har eit engelsk ’Diploma supplement’. Emne eller studieprogram der undervisninga er på engelsk kan ha engelske emneomtalar eller studieplanar. Ut over dette omset ikkje UiB informasjon eller dokumentasjon til andre språk. Dersom du treng å få omsett UiB-dokument til andre språk, til dømes i samband med søknad til eit utanlandsk universitet eller arbeidsgjevar, må du kontakte profesjonelle omsetjarar for å få dette utført.

Kor kan eg få tatt utskrifter?
Du kan ta utskrifter på PC-stovene som finst på HF-bygget eller Sydneshaugen skole. Det er òg mogleg å skrive ut på Bibliotek for humaniora. For å ta uskrifter må du ha fylt pengar på studiekortet ditt via http://payprint.uib.no/.

Kva gjer eg når det er obligatorisk frammøte første dag, og eg ikkje kan møte opp?
Send ein e-post til studierettleiaren for programmet ditt og sei at du ikkje kan komme, men at du vil behalde plassen. Elles kan plassen gå til ein annan dersom det er venteliste.

Eg vil slutte å studere, kva gjer eg då?
Dersom du har bestemt deg, fyll ut nettskjema slik at vi på fakultetet får beskjed om det. Du finn bokmålsversjon av nettskjemaet og meir informasjon om vitnemål, permisjon og anna nyttig informasjon her.

Dersom du er i tvil og treng å diskutere alternativ og valmoglegheiter for framtida, kan du ta kontakt med Infosentret ved HF og be om ein rettleingstime. 

Tall og fakta

  • HF er det nest største fakultetet ved UiB, både når det gjeld studenttal og antall fag det blir undervist i.
  • Det er 3500 studentar på HF, fordelt på 60 studium.

Les meir: Om fakultetet