Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Programstyre og fagkoordinatorar ved LLE

Programstyra er ansvarlege for utvikling, leiing og evaluering av bachelor- og masterprogramma, og for at programma oppfyller krava i den nasjonale Studietilsynsforskrifta og det Nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. Fagkoordinatoren er eit bindeledd mellom fagmiljøa, studentane og leiinga ved LLE.

Hovedinnhold

Her finn du oversikt over medlemmer og ansvarsområde for alle programstyre ved LLE.

Programstyret for litteraturvitskap

Oppnemningsperiode: Vår 2023 - haust 2024.

Medlemer

  • Peter Svare Valeur (leiar)
  • Erik Bjerck Hagen
  • Anders Kristian Strand
  • Gisle Selnes
  • Wolfgang Hottner
  • Anne Beate Maurseth
  • To studentrepresentanter

Sekretær: Studiekonsulenten ved faget

Programstyret for litteraturvitskap har eit særleg ansvar for:

  • Bachelor i litteraturvitskap
  • Master i allmenn litteraturvitskap

I tillegg har programstyret ansvar for litteraturvitskap sine bidrag til samarbeidsprogramma:

  • Bachelor i kjønnsstudium
  • Bachelor i retorikk

Programstyret for digital kultur

Oppnemningsperiode: Haust 2023 - haust 2024.

Medlemmer

  • Jason Nelson (leiar)
  • Daniel Jung
  • Jill Walker Rettberg
  • Alinta Krauth
  • Ragnhild Strøm Solberg
  • To studentrepresentantar

Sekretær: Studiekonsulenten ved faget

Programstyret for digital kultur har eit særleg ansvar for:

  • Bachelor digital kultur
  • Master i digital kultur

Programstyre for gresk og latin

Oppnemningsperiode: Vår 2023 - haust 2024.

Medlemmer

  • Matti Garnes Wiik (leiar)
  • Aidan Conti
  • Åslaug Ommundsen
  • Pär Sandin
  • Gjert Vestrheim
  • Ein studentrepresentant

Sekretær: Studiekonsulenten ved faget

Programstyret for gresk og latin har eit særleg ansvar for:

  • Bachelorprogrammet i klassisk filologi
  • Masterprogrammet i gresk
  • Masterprogrammet i latin

I tillegg har programstyret ansvar for klassiskfaga sitt bidrag til samarbeidsprogrammet Bachelor i retorikk

Programstyret for kunsthistorie

Oppnemningsperiode: Haust 2016 - vår 2019.

Medlemmer

  • Ingrid Halland (leiar)
  • Bente Kiilerich
  • Sigrid Lien
  • Sigrun Åsebø
  • Henning Laugerud
  • Per Olav Folgerø
  • To studentrepresentantar

Sekretær: Studiekonsulenten ved faget

Programstyret for kunsthistorie har eit særleg ansvar for:

  • Bachelor i kunsthistorie
  • Master i kunsthistorie

Programstyret for nordisk

Oppnemningsperiode: Haust 2019 - vår 2021.

Medlemmer

  • Frode Helmich Pedersen (leiar)
  • Agnete Nesse
  • Ann-Kristin Helland Gujord
  • Ragnhild Lie Anderson
  • Jens Eike Schnall
  • To studentrepresentantar

Sekretær: Studiekonsulenten ved faget

Programstyret for nordisk har eit særleg ansvar for:

  • Bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur
  • Bachelorprogrammet i norsk som andrespråk
  • Bachelorprogrammet i norrøn filologi
  • Masterprogrammet i nordisk
  • Masterprogrammet i norrøn filologi

I tillegg har programstyret ansvar for nordiskfaga sine bidrag til lærarutdanningane ved UiB, det vil seie:

  • Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk
  • Integrert lektorutdanning med master i nordisk
  • Fagdidaktikkemna i nordisk/norsk som andrespråk i Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Programstyret har vidare fagleg ansvar for dei fjernundervisningstilboda i nordiske fag som til ei kvar tid finst.

Programstyret for norsk som andrespråk - Norskkursa

Oppnemningsperiode: Vår 2024 - haust 2024. 

Medlemer

  • Marianne van Baar (leiar)
  • Ilka Wunderlich
  • Sigrun Eilertsen
  • Live Christine Brandal Tjervåg

Sekretær: Studiekonsulenten ved faget

Programstyret for norsk som andrespråk - Norskkursa har ansvar for emnetilbodet ved norskkursa for utanlandske studentar og tilsette.

Programstyret for lingvistiske fag (språkvitskap)

Oppnemningsperiode: Haust 2019 - vår 2021.

Medlemmer

  • Koenraad de Smedt (leiar)
  • Vadim Kimmelman
  • Carl Börstell
  • Christer Johansson

Sekretær: Studiekonsulenten ved faget

Programstyret for lingvistiske fag har eit særleg ansvar for:

  • Bachelorprogrammet i språkvitskap
  • Masterprogrammet i allmenn lingvistikk

I tillegg har programstyret eit ansvar for fagmiljøet sitt bidrag til samarbeidsprogrammet Bachelor i kognitiv vitskap.

Programstyret for teatervitskap

Oppnemningsperiode: Haust 2016 - vår 2019. 

Medlemmer

  • Keld Hyldig
  • Ulla Helene Kallenbach (leiar)
  • Studentrepresentant 

Sekretær: Studiekonsulenten ved faget

Programstyret for teatervitskap har eit særleg ansvar for:

  • Bachelorprogrammet i teatervitskap
  • Masterprogrammet i teatervitskap

Tverrfaglege programstyre tilknytt LLE

Det administrative og formelle ansvaret for dei to tverrfaglege bachelorprogramma i retorikk og kjønnsstudium ligg frå 2015 ikkje lenger ved LLE.  

Under finn du retningsliner for programstyre og fagkoordinatorar

Retningsliner for programstyre for disiplinbaserte studieprogram ved LLE

  1. Programstyret har ansvaret for dei BA- og MA-programma som høyrer til faggruppa, med grunnlag i det mandatet som fakultetet har fastsett.
  2. Fagkoordinatoren i faget er automatisk medlem og leiar i programstyret dersom ikkje noko anna vert avtala med instituttleiaren.
  3. Storleiken på kvart programstyre vert fastsett av instituttleiaren i samråd med fagmiljøet og UUI. 
  4. Studiekonsulenten for faggruppa er sekretær for programstyret, med talerett, men ikkje røysterett.
  5. Instituttleiar oppnemner medlemer til programstyret mellom alle fast tilsette i minimum 50 % stilling etter framlegg frå fagmiljøet. Ved forskingsterminar og andre permisjonar oppnemner instituttleiaren vararepresentantar på same måte.
  6. Kvart programstyre har éin eller to studentrepresentantar, svarande til ein representasjon på om lag 20 %. Det respektive fagutvalet (eventuelt instituttutvalet dersom det ikkje finst eit aktivt fagutval) peikar ut studentrepresentanten/-ane.
  7. Alle programstyre bør ha minst eitt møte i semesteret.
  8. Alle  formelt oppnemnde representantar har lik røysterett. Det er røysteplikt i alle vedtakssaker, og vanlege reglar for møtestyring og røysting gjeld. 

Desse retningslinene gjeld frå august 2013 etter diskusjon i UUI 2. 9. 2013 (UUI-sak 21/13, O-sak 7).

Overordna retningsliner for samansetting og mandat for programstyra ved HF

Mandat for fagkoordinatorar ved LLE

Generelt

Fagkoordinatoren er eit bindeledd mellom fagmiljøa, studentane og leiinga ved LLE. Funksjonen som fagkoordinator går på omgang mellom dei fast tilsette i fagmiljøet, normalt i periodar over tre år. Det er instituttleiar som oppnemner fagkoordinator i dialog med fagmiljøet. Fagkoordinatoren skal halde oversikt over undervisning og rettleiing i miljøet. I samband med stillingsutlysingar, emneplanarbeid, engasjering av gjesteførelesarar og liknande, vil fagkoordinatoren til vanleg ha ei rolle. Større fagleg-strategiske satsingar i fagmiljøet, til dømes søknader om eksterne midlar til utvikling av undervisningskvalitet, skal normalt involvere fagkoordinatoren. Fagkoordinatoren skal stå i jamleg kontakt med programstyret og med fagutval for å fremme fagleg og pedagogisk utvikling av emne og studieprogram.

Fagkoordinatoren har rett til å føre opp timar på arbeidsrekneskapet slik dette framgår av gjeldande satsar. I nokre fag finst det underkoordinatorar med eigne satsar for føring på arbeidsrekneskapet. Ein bør arbeide for at det skal vere samsvar mellom arbeidsomfanget til fagkoordinator og timetalet som skal førast i arbeidsrekneskapet.

Oppgåver i fagmiljøet

Fagkoordinatoren skal

  1. kalle inn til jamlege møte i fagmiljøet etter ein fast møteplan. Alle fast og midlertidig tilsette skal få innkalling til møte. Det skal vere samforstand og transparens omkring kven som er ordinære medlemmar av fagmiljøet og kven som er assosierte medlemmar gjennom bistillingar og eksternt samarbeid.
  2. legge til rette for godt og inkluderande samarbeid i fagmiljøet.
  3. fordele emneansvar og undervisningsoppgåver i miljøet ut frå dei ressursane som er tilgjengelege. Emneansvar og undervisningsoppgåver skal fordelast etter drøftingar på opne møte i fagmiljøet. I ein normalsituasjon skal fagmiljøet kunne tilby god undervisning ved hjelp av tilgjengelege ressursar og kunne avvikle forskingsterminar i tråd med gjeldande avtalar.
  4. sjå over miljøets ressursbudsjett slik dette er sett opp av studiekonsulenten etter gjeldande satsar. Ressursbudsjettet blir sett opp etter faste rutinar og fristar som er felles for heile LLE.

Oppgåver overfor institutt og instituttleiing

Fagkoordinatoren skal

  1. vere medlem av Utvalet for undervisning og internasjonalisering på LLE.
  2. gi melding om eventuelle samarbeidsproblem i miljøet til leiinga.
  3. ta opp større avvik frå fagmiljøets samla ressursbudsjett med leiinga. Om tilsette i miljøet ønsker avvik frå ordinær arbeidsplikt utover innvilga forskingspermisjon eller frikjøp som er avtalt med leiinga, skal dette takast opp med undervisningskoordinator for eventuell godkjenning av instituttleiar.
  4. vere fagleg rådgivar i saker som gjeld innpassing av ekstern utdanning, opptaksgrunnlag til masterstudiet og godkjenning av emne som skal takast på utveksling.
  5. gi melding om eventuelle konsekvenser av permisjonar og vakansar for drifta i miljøet.
  6. ha ein koordinerende funksjon ved tilsetting i midlertidige stillingar og bruk av gjesteførelesarar.
  7. stå i løpande kontakt med studiekonsulent, studieleiar og undervisningskoordinator for å trygge at miljøet kan bruke støttefunksjonane på LLE på ein god måte.